Her gler dei seg til 63 cruiseanløp neste sommar

Seawalk Nordfjord AS planlegg for 63 anløp av cruisebåtar til Nordfjordeid mellom mai og oktober neste år.

Siste skipet: AIDAperla var det siste cruiseskipet som kom til Nordfjordeid. Det skjedde i september 2019. Dei cirka 4.000 passasjerane om bord besøkte staden eller reiste på ekskursjon til andre destinasjonar i Nordfjord.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Reiselivsnæringa på Nordfjordeid begynner å sikte seg inn på ein meir normal turistsesong neste år, og tar opp tråden frå 2019, då dei hadde sin første sesong med cruiseanløp.