Fornøgde med vel gjennomført Rosa sløyfe-aksjon: – Vi måtte skaffe fleire påmeldingsskjema

Rosa Sløyfe-aksjonen i Måløy laurdag trekte både store og små.

Rosa Sløyfe-aksjon i Måløy. Rebusløp og aktivitetar for barn i parkane var populært. Her er det sekkeløp med Lisbeth Våge (rosa bak) og Ingrid Holvik Weltzien (rosa t.h.) som leiarar.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Det har gått veldig fint. Vi har ikkje heilt oversikt enno over kor mange som har deltatt i dei forskjellige løpa. Men det var bra med folk på Veten Opp, seier Torill Eide Tennebø, som er driftsleiar ved Måløy Treningssenter.

Leiar for Rosa Sløyfe-aksjonen i Måløy synest at det var veldig kjekt at det i år var mange ungar som ville vere med på rebusløpet.

– Det var veldig bra. Vi måtte av garde og finne tak i fleire påmeldingsskjema, fordi det var så mange ungar som kom. Det var veldig kjekt, seier Eide Tennebø.


Mange støtta den første rosa aksjonen etter pandemien

Laurdag arrangerte Måløy Treningssenter Rosa sløyfe-aksjon på torget i Måløy.


La inn Trimløypa

Det nye på årets Rosa Sløyfe-aksjon var at også Trimløypa stod på programmet.

– Vi ville prøve å legge det inn slik at vi hadde noko som passa for alle. Det er jo ikkje alle som kjem seg til fjells. Då er trimløypa eit alternativ der ein kan røre seg som ein vil utifrå sitt eige utgangspunkt, seier Torill Eide Tennebø.

Står på: Torill Eide Tennebø ved Måløy Treningssenter leia Rosa Sløyfe-aksjonen i Måløy for tiande gong.  Foto: Siri Kolseth

Ho legg til at Trimløypa kom med fordi Måløy Treningssenter som arrangør er opptatt av at det å vere fysisk aktiv er viktig for dei som er i eit sjukdomsgang, men sjølvsagt òg for andre.

– Det å få folk ut er litt av drivkrafta vår for å gjere dette, seier Eide Tennebø.

Mellom dei som tok beina fatt i Trimløypa var Liv og Helge Blålid som gjekk i løypa saman med barn og barnebarn.

– Det er ei god sak og det er flott at Måløy Treningssenter arrangerer dette. Vi brukar dagen til å støtte saka. Og så får vi ein god trim, smiler Helge Blålid.

Det var sjølvsagt

Kari Silden Tytingvåg og Natalie Refvik kjøpte Rosa Sløyfe-effektar på Torget, og sa at det var sjølvsagt å møte fram.

– Vi må støtte saka. Det er veldig viktig. Dette kan ramme kven som helst, seier Natalie Refvik.

Rosa Sløyfe-aksjon i Måløy.  Foto: Siri Kolseth

På rekka med stands stod Guro Brekke for Ull & omtanke Måløy. Det er ei foreining som lagar varme pledd og gjev til dei som kan ha bruk for det.

– Vi vil gjerne ha med fleire til å strikke lappar og til å montere lappar. Om det er nokon som har restegarn, tar vi imot, seier Guro Brekke. Restegarnet går til dei som kan strikke lappar, men som ikkje har garn.

Rosa Sløyfe-aksjon i Måløy. Guro Brekke (t.v.) presenterte Ull og omtanke og var på scena saman med konferansier Wenche Myhre.   Foto: Siri Kolseth

Lokale løpsbeste

Det var søskenparet Eirin og Sigmund Aasen Kvalheim som vart vinnarar av konkurranseklassen på motbakkeløpet Veten Opp. Eirin kom i mål på tida 32,49 minutt, mens Sigmund brukte 29,52 minutt. Løypa er 3,26 kilometer lang. Veten har høgde 613 meter over havet.

Rosa Sløyfe-aksjon i Måløy. Det var søskenparet Eirin og Sigmund Aasen Kvalheim (f.h.) som vann dame- og herreklassen i Motbakkeløpet Veten Opp. Ole Jonny Vallestad og sonen Adrian Sørrsund Vallestad tok andre og tredjeplass.  Foto: Siri Kolseth

Rosa Sløyfe-aksjon i Måløy.  Foto: Siri Kolseth

Rosa Sløyfe-aksjon i Måløy. Eirik og Ella Bjerck Færestrand melde seg på for å gå mosjonsklassen opp til Veten.  Foto: Siri Kolseth

Rosa Sløyfe-aksjon i Måløy. Sandra Rosing Kvalheim (f.v.) og Randi Humborstad på veg til Veten får saft av Gro Berg.  Foto: Siri Kolseth

Sjå fleire bilete:


Mange støtta den første rosa aksjonen etter pandemien

Laurdag arrangerte Måløy Treningssenter Rosa sløyfe-aksjon på torget i Måløy.