Jobbar for at Nordfjord skal bli eit berekraftig reisemål

Visit Nordfjord har teke initiativ til å starte arbeidet med «Berekraftig reisemål» i samarbeid med Nordfjordrådet og kommunane i Nordfjord.

Internasjonale og nasjonale krav og føringar krev at kommunane, Visit Nordfjord og reiselivet saman systematiserer arbeidet med å utvikle reisemålet og lokalsamfunna  Foto: Steinar Engeland

Nyheter

– Berekraft er ikkje lenger noko ein berre kan snakke om, men eit område som krev handling. Det å utvikle eit berekraftig reisemål, vil kunne vere avgjerande for Nordfjord si konkurranseevne på lengre sikt. Berekraftig reiseliv handlar om eit grunnleggjande og heilskapleg syn på reiselivsnæringa; lokal verdiskaping, klima- og miljøbelastning og påverknad på innbyggjarar og samfunn, seier reiselivssjef i Visit Nordfjord, Marita Lindvik.