Fleire i dette området har mista mobildekninga: – Vi jobbar no med å rette feilen

På spørsmål frå Fjordenes Tidende kan Daniel Barhom, informasjonssjef i Telia Norge, bekrefte at det stemmer at folk i og rundt Leirgulen i Bremanger, har vore utan mobildekning den siste tida.

Fjordenes Tidende fekk tips om at fleire Telia-kundar i området Leirgulen og Rugsund har mangla mobildekning sidan onsdag. Telia kan bekrefte at det stemmer, og jobbar no med å rette feilen.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Frå folk som bur i området har Fjordenes Tidende blitt tipsa om at fleire ikkje har hatt mobildekning sidan midt på dagen onsdag. Og det viser seg at det er ein feil hos Telia som gjer dette.