Elisabeth har fått ny jobb – skal koordinere heile Nordfjord

Elisabeth Hatlenes (41) frå Davik i Bremanger er tilsett i ei nyoppretta stilling som koordinator og rådgjevar for Nordfjordrådet.

Elisabeth Hatlenes frå Davik i Bremanger er tilsett i ei nyoppretta stilling som koordinator og rådgjevar for Nordfjordrådet.  Foto: Pressefoto

Nyheter

Hatlenes begynner i jobben på nyåret 2022. Ho vil få ansvar for mellom anna å følge opp planar og vedtak i Nordfjordrådet, koordinere samarbeid mellom kommunar, næringsliv, utdanningsinsitusjonar og andre samfunnsaktørar i Nordfjord og delta i regionale utviklingsprosjekt.