Det kommunale kjøkkenet: – Eg legg til grunn at det er reelle innsparingar knytt til denne endringa

Leiar for Helse-, sosial og omsorgsutvalet i Kinn, Arlene Vågene (H), har kontakta kommunalsjef for helse og omsorg, Norunn Stavø, for å få dei heilt korrekte tala for mogleg innsparing på å slå saman dei kommunale kjøkkena i kommunen.

Arlene Vågene (H) er leiar for Helse-, sosial og omsorgsutvalet i Kinn.  Foto: Kjellrun Åsebø

Nyheter

Vågene gjer dette etter at Daniel Henriksson, gruppeleiar i Raudt, tidlegare måndag bad om at saka blei behandla i utval og kommunestyret, og meinte det var for gale at ei slik viktig sak ikkje hadde fått politisk behandling og at folk no trekk reknestykket til Kinn kommune i tvil.