Fem ambulansestasjonar får maskiner til hjartekompresjon. To av dei er lokale

Fem ambulansestasjonar i Helse Førde har fått hjartekompresjonsmaskiner. – Dette utstyret gjer at  ambulansearbeidarane kan utføre betre avansert hjarte- og lungeredning, seier opplæringsansvarleg i ambulansetenesta, Per-Erik Eide Hjelle.

Ambulansestasjonane i Selje, Svelgen, Lavik, Vik og Årdal har fått dei nye maskinene. Her er det Lisa Eikås Brekke og Torill Kristin Skjold som øver på å bruke utstyret.  Foto: Helse Førde

Nyheter

Dei fem ambulansestasjonane som først har fått desse maskinene. er Selje, Svelgen, Lavik, Vik og Årdal. Ambulansebåten i Solund har alt ei slik maskin. Prioriteringa til Helse Førde har vore å sikre utstyret først til stasjonar med ein ambulanse og lange transportavstandar. Også luftambulansetenesta har slikt utstyr.