Må stenge tunnelen på kort varsel – forbipasserande har meldt om røyk

Måndag morgon melder Vegtrafikksentralen Vest at Magnhildskartunnelen på fylkesveg 614 i Bremanger kommune må stenge. Politiet fortel at forbipasserande bilister har ringt inn om røykutvikling i same tunnel.

Måndag morgon melder Vegtrafikksentralen Vest at Magnhildskartunnelen på fylkesveg 614 i Bremanger og Kinn kommunar må stenge.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Tunnelen blir stengt på grunn av oppryddingsarbeid, opplyser vegtrafikksentralen.

Men like etter melder Vest politidistrikt at forbipasserande bilistar har meldt om røyk i tunnelen.

– Tunnelen er stengt per no. Uvisst hva dette skuldast. Vegtrafikksentralen har ingen utslag på sine system. Brannvesenet er på veg. AMK og Brann avventar, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.