Ber aktørar innan fiskeri om å søke likestillingsmidlar

Regjeringa skal dele ut 1,5 millionar kroner til prosjekt som fremjar likestilling i fiskeriet. Tirsdag 30. november er siste frist for å søke om ein del av potten.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Dei siste månadane har det komme opp ei rekke alvorlege saker som angår kvinnelege fiskarar. Vi jobbar vidare med likestillingsproblematikken, og oppfordrar aktørar i fiskerinæringa til å gjere det same, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.