Stiller seg bak fiskarane i kampen om ny fiskerikai her

Åge Starheim frå Selje tar eit oppgjer med det han meiner er feilinformasjon rundt kva ønske og behov fiskarane i Selje har for ny fiskerihamn. Den tidlegare toppolitikaren meiner Stad kommune må lytte til kva som har blitt sagt tidlegare, og ikkje basere seg på påstandar.

Vil ha kai her: Lestovika ligg omlag halvanna kilometer inn i Moldefjorden i Selje.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

– Eg har registrert at det vert nytta argument om at det ikkje er interesse frå nokon for at Stad kommune skal bruke kommunale midlar til å opparbeide fiskerihamn og industriområde i Lestovika i Stad kommune. Det vert også påstått at dette vert altfor kostbart, skriv han i brevet som er adressert Kristine Dahl, assisterande kommunedirektør i kommunen.