Konkurrerer i industrihistorie i den nye kulturløypa – slik brukar du den

Den nye kulturminneløypa i Svelgen i Bremanger har 28 informasjonspunkt med historie om bygda. No kan ein også konkurrere i ein rebus ved bruk av ein app.

Ordførar Anne Kristin Førde scanna QR-koden etter opninga av den nye kulturløypa.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

I haust blei delar av prosjektet Smelt, soga vår om Svelgen gjennomført. Prosjektet har som målsetting å formidle og gjere levande historia til industristaden og kommunesenteret.