Har klokkartru på israelsk «ørkenteknologi»

BREMANGER: – Aqua Maof sin teknologi er effektiv, utprøvd i stor skala og reduserer risikoen med lukka resirkuleringsanlegg på land.

SMØRHAMN INDUSTRIOMRÅDE: Frå venstre Stig Bakke i Smart Salmon, Knut Stauri i entreprenøren HS Bygg og Petter Bakke i Smart Salmon.  Foto: Arve Olav F. Solbakken

Nyheter

Det seier adm. direktør Petter Bakke i Smart Salmon, selskapet som skal starte landbasert produksjon av stor laksesmolt på land i industriområdet i Smørhamn. Avtale med entreprenøren HS Bygg og avtale om tomt og tilgang på ferskvatn med Bremanger kommune er på plass. I sommar starta Alf Kåre Askeland som prosjektleiar for Smørhamn-utbygginga.