Steffen og Kristin er blant dei 600 som innan 2025 jobbar for storsatsinga på torskeoppdrett

Gadus Group har stor ambisjonar for torskeoppdrett, med mål om å skape 600 arbeidsplassar innan 2025. Satsinga gjev allereie lokale ringverknader, mellom anna i Davik der det er kring ti årsverk knytt til aktiviteten.

Fått jobb i torskeoppdrett: Kristin Uv Ramsli og Steffen Sande er røktarar på torskeoppdrettet til den hardtsatsande verksemda Gadus avdeling Davik. Medan Ramsli har flytta til Davik, pendlar Sande frå Stadlandet. – Spanande å vere med på noko nytt der du må finne gode løysingar undervegs, seier dei om jobben.   Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Ifølgje dagleg leiar Ola Kvalheim i Gadus er det investert nesten 40 millionar kroner i anlegget, og han seier verksemda bidreg med årlege innkjøp av lokale produkt og tenester for 25-30 millionar kroner.

Dei to som møter oss på Gadus-anlegget i Davik er røktarane Kristin Uv Ramsli og Steffen Sande. Dei fortel at dei jobbar turnus med ei veke på jobb og ei veke fri. Oppdrettstorsken som i sommar vart sett ut i merdane på lokaliteten Svartekari, på neset før du kjem inn til Davik frå Isane, er no nesten to kilo. Neste haust er planen at fisken skal vere 5-6 kg og klar for slakting. Ifølgje dei to røktarane er utviklinga så langt veldig lovande med god framvekst og låg dødlegheit. Dagen vi var der føregjekk eit prøveuttak av fisk som skulle til ein restaurant i Ålesund for testing.

Torskemerd: Slik er torskeoppdrettet i Davik organisert, med ein ring innanfor den andre. Dette er for å holde nota oppe slik at ikkje fuglar kjem seg inn i merden.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Vil du lese om storsatsingar, sterke bedrifter og suksesshistorier frå sjømat, havbruk og fiskeri?

No kan du lese Fjordenes Tidende og Firdaposten sitt magasin «Hav av moglegheiter». Magasinet er det nittande i rekka.


Både Ramsli og Sande synes det er eit spanande prosjekt å vere med på.

– Eg tok ein bachelorgrad i biologi på Nord Universitet i Bodø, og var på utkikk etter jobb i oppdrettsnæringa. Då kom eg over denne jobben. Det er spanande og fagleg utfordrande å vere med på eit slikt prosjekt der du må prøve deg fram for å finne riktig måte å gjere ting på, seier Ramsli. 24-åringen er opphavleg frå Ås sør for Oslo, og hadde aldri vore i Davik før jobbtilbodet dukka opp. No har ho busett seg i bygda.

Biolog: Etter bachelorstudiar i biologi ynskte Kristin Uv Ramsli (24) frå Ås utanfor Oslo seg til oppdrettsnæringa. Ho kom over jobben med torskeoppdrett i Davik, og flytta til bygda i Bremanger i sommar.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Turnus

Sande er busett på Stadlandet, og pendlar halvannan time kvar veg dagleg til jobben i Davik.

– Det går bra så lenge det er ei arbeidsveke og eg har fri den andre. I friveka driv eg gravemaskinfirma.

Morselskapet Gadus Group AS er eigd av Ola Kvalheim, Tor Olav Seim og Kenneth Brandal. Sistnemnde har adresse Stadlandet.

– Eg er kompis med Kenneth og det var slik eg kom inn i selskapet. Det er spanande å vere med og bygge opp noko heilt nytt. Vegen blir til der du går. Torskeoppdrett kan bli eit alternativ til laks, og det skaper arbeidsplassar, seier Steffen Sande.

Fisk i merdane: Oppdrettstorsken i lokaliteten Svartekari er om lag ein kilo. Prosjektet er av stor interesse sidan eit forsøk med oppdrettstorsk for ti år sidan mislukkast. No er stamfisken utvikla vidare, og spørsmålet er om oppdrett av torsk no kan vere lønsamt.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

I Davik har selskapet base i industribygget der Davik Fiskefarm heldt til. Avdelinga i Davik har så langt 12-13 sysselsette, der seks er faste driftsteknikarar i turnus, to er administrativt tilsett, ein er lærling og tre-fire er vikarar.

Gründer frå Raudeberg

Ola Kvalheim er oppvaksen på Raudeberg, men har i dag adresse Ålesund der også Gadus har hovudkontor.

– Ei slik oppdrettsverksemd må av naturlige årsaker vere spreidd på ulike stader. Eg bur litt i Stadsbygd på Fosen der vi har settefisk og yngel, litt på Raudeberg og litt i Davik, i tillegg til Ålesund. Grunnen til at vi har kontoradresse Ålesund er at vi lyste ut ein del stillingar med opning for ulike arbeidsstader, og vi såg at dei fleste søkjarane ynskte å ha arbeidsstad Ålesund, seier Kvalheim. Han fortel at dei er i ferd med å byggje anlegg for slakt og filetering på Raudeberg, eit prosjekt som skal stå klart til neste haust. Slaktinga av fisken som no står i anlegget i Davik, er planlagt frå september neste år. Det står i dag litt under 200.000 fisk i anlegget.

Sjef og eigar: Ola Kvalheim frå Raudeberg er medeigar og dagleg leiar i Gadus Group.  Foto: Gadus Group

Påvekst til sjøklar settefisk på 200-500 gram er tenkt lagt til Tjeldbergodden.

Kvalheim og Seim er høvesvis siviløkonom og sivilingeniør og leiar selskapet saman. Begge har bakgrunn fra finansverksemd og har jobba saman i Oslo. Dei tre eigarane har felles bakgrunn frå Mørenot der Kvalheim tidlegare var administrerande direktør. Kvalheim fortel at ein belgisk familie, De Clercq, er med som investor gjennom eit finansselskap.

– Dette er eit selskap som har investert i sjømat tidlegare, og som har stor tru på torskeoppdrett. Dei er inne med ein tidshorisont på 30 år.

Lokal satsing: Moderne utstyr vitnar om at Gadus har investert eit vesentlig beløp på lokaliteten Svartekari i Davik.   Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Satsar 900 millionar

Sjølv om Gadus har hovudkontor i Ålesund, planlegg dei ei satsing i ei heilintegrert verdikjede frå Florø i sør til Fosen i nord. Dei planlegg å investere over 900 millionar kroner i satsinga, og målet er å skape 600-650 nye arbeidsplasser innan 2025.

– Vi jobbar med å få til seks-sju lokalitetar i området frå Florø til Stad. Ting tek tid, og vi har eit tidsperspektiv på fem-seks år, seier Kvalheim.

Visjonen er å bli verdas leiande produsent av berekraftig premium oppdrettstorsk. Misjonen er å sikre verda tilgang på nok
mat på en berekraftig måte.

Verksemda lovar fokus på fiskevelferd i tråd med strenge sertifiseringar. Dei legg opp til full digital sporing gjennom livsløpet til torsken, og har nullvisjon for bruk av medisinar og CO2-utslepp. Dei forpliktar seg også til FNs berekraftsmål.

Test: Oppdrettstorsken i kassene Steffen Sande ber skal til ein restaurant i Ålesund for testing.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Gjev mat til verda

Eit mål med satsinga er å produsere mat til verdas befolkning. Folkesetnaden i verda er venta å vekse med 30 prosent til 9,8 milliardar mennesker innan 2050. Gadus meiner oppdrett av sjømat er den mest berekraftige løysinga, og at torskeoppdrett er den mest realistiske og berekraftige vegen å gå for å femdoble verdiskapninga frå sjømat innen 2050, slik norske myndigheiter har som målsetting.

– FN har bede Norge produsere meir mat. Verda skal doble proteinproduksjonen innan 2050. Skal ein nå måla, må meir mat kome frå sjøen, med lågare karbonavtrykk. Verdssamfunnet krev at vi skal redusere avtrykket og samstundes femdoble produksjonen i sjø. Voluma frå hausting frå havet er fallande. Då er det akvakultur som står att som løysing. For kvar gong vi set ut ny fisk, må vi dokumentere med prøver at vi ikkje påverkar faunaen på ein negativ måte. Ein dårleg lokalitet gjev dårlig økonomi, seier Kvalheim om miljøperspektivet i satsinga.

– Løyst utfordringar med biologi

Oppdrett av torsk har vore forsøkt tidlegare, også i Bremanger. Ei satsing for ti år sidan stranda, mellom anna etter problem med biologi der fisken ikkje utvikla seg som ynskjelig. Stamfisken er teken vare på og jobba vidare med på forskningsstasjonar, og no prøvar fleire miljø seg igjen på oppdrett av denne kvitfisken som blir sett på som ei delikatesse verda rundt. Motivasjonen er sjølvsagt å kunne få til noko liknande verksemda med oppdrettslaks, som for lengst er blitt milliardbutikk. Det er i praksis umogleg for gründerverksemder å kome seg inn i lakseoppdrett, sidan ein konsesjon no blir omsett for 250-300 millionar kroner i marknaden. Ein konsesjon for oppdrettstorsk er enn så lenge ikkje noko du må betale for. Der ligg eit moglegheitsrom. Men det er samstundes ein risiko sidan ingen førebels har lukkast kommersielt med oppdrett av torsk.

Gadus peikar på at torsken no er avla til sjette generasjon, samanlikna med at det var villfisk og første generasjon i 2008-2012 då den førre satsinga fann stad. Dei meiner problemet med tidlig kjønnsmodning er løyst. Yngelkvaliteten er betre, større yngel blir sett ut, kannibalisme er eliminert og vaksiner utvikla.

– Så langt er resultatet veldig positivt. På eitt år er fisken vår no like stor som snittvekta etter to år sist det vart satsa på oppdrettstorsk. Hovudgrunnen er at fisken ikkje vert sjuk.