Den einaste bilmekanikarutdanninga i Nordfjord førebur teknologiomstilling. Elevane Roger og Peder er klare

Den einaste bilmekanikarutdanninga i Nordfjord tilpassar seg ein teknologirevolusjon. No startar omstillinga for fullt. Elevane vi snakka med er positive til ny kunnskap.

Vil lære: Roger Christopher Korneliussen (t.v.) og Peder Øren Røyseth, elevar på Køyretøy VG2 ved Måløy vidaregåande skule, førebur seg på ei teknologisk omstilling i bilindustrien og uttrykkjer at dei er interessert i å lære om det nye. Men dei må ha fleire tankar i hovudet samstundes, for framleis er det langt fleire bilar med fossil motor enn elbilar ute i marknaden, og fossilbilane vil vere der i mange år enno.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Framleis er det fossilmotoren som har hovudfokus hos elevane på lina Køyretøy VG2 ved Måløy vidaregåande skule. Dei tolv elevane som går på lina kvart år, endar oftast som mekanikarar for lette og tunge køyretøy. Nokre blir motormekanikar på skipsverft, men dei fleste hamnar på ulike bilverkstader i Nordfjord, Sunnfjord og på Sunnmøre. Med andre ord er det dei som skal ha ettersyn med bilane våre i ei tid der teknologiutviklinga går i retning elektrifisering. Registreringsstatistikken for nye personbilar her i landet viser at salet av dei avgiftsgunstige elektriske bilane skyt fart, medan salet av nye bensin- og dieselbilar går kraftig ned. Men i bruktbilmarknaden er fossilbilane framleis i fleirtal. Det er også ein stor marknad med hybridbilar, det vil seie bilar med ein kombinasjon av elektrisk- og fossil motor. Ein utdanningsinstitusjon som skal sørge for kompetent arbeidskraft til næringa, må ha fleire tankar i hovudet.