Har måtte avlyse dei store juleborda, men er glad folk finn løysingar

Magrethe Gangsøy ved Havfruen i Måløy seier at dei på grunn av dei nye tiltaka har tatt imot avbestillingar på dei store juleborda. Dei små juleborda går som normalt og ho er takknemleg for at fleire bedrifter har funne gode løysingar.

Margrethe Gangsøy ved Havfruen fortel at dei største juleborda no blir avbestilt, medan dei små juleborda kan gå som normalt. Bildet er tatt frå opninga av nye Havfruen.  Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

– Vi legger no til rette for at det skal vere ein meter avstand mellom sitteplassane i restauranten, og med tanke på juleborda klarer vi å gjennomføre alle dei mindre juleborda. Men alle dei større juleborda der det skulle kome over 80 gjestar, har vi fått avbestillingar på, seier Gangsøy.