Ny kritisk rapport mot fylkeskommunen: Det har skjedd fleire interne feil i varslingssaka

Igjen får Vestland fylkeskommune krass kritikk for personalhandteringa ved Måløy vidaregåande skule. Ein ny rapport slår fast at fylkeskommunen svikta på fleire punkt då det for eit år sidan vart varsla om mobbing, trakassering og fryktkultur av leiinga ved skulen.

– Rapporten er alvorleg. Den avdekker mange forbetringspunkt i handteringa av varsel om arbeidsmiljø. Den viser at det er fleire punkt å ta tak i, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal (t.v.). Her saman med avdelingsdirektør Bjørn Lyngstad og fungerande rektor Hallgeir Hansen. Bildet er tatt ved ei anna anledning der fylkesleiinga var på besøk ved skulen.   Foto: Bjarne Husevåg

Nyheter

På oppdrag frå fylkesdirektør Rune Haugsdal i Vestland fylkeskommune har CMS Kluge Advokatfirma AS evaluert korleis varslingssaka ved Måløy vidaregåande skule har vore handsama i fylkeskommunen.