Skal gå gjennom varslingsrutinane i heile fylkesorganisasjonen

– I samarbeid med vernetenesta og tillitsvalde er arbeidet med å betre arbeidsmiljøet ved skulen godt i gang, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal etter at dei torsdag fekk ein ny knusande rapport om handeringa av varselssaka ved Måløy vidaregåande skule.

Fylkesdirektør Rune Haugsdal seier at rapporten avdekker at fylkeskommunen har mange forbetringspunkt, og at dei skal bruke den til å lære for å unngå at liknande skjer igjen.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Eg opplever at det er ein god og konstruktiv dialog rundt dette. Måløy vidaregåande skule er ein flott skule med dyktige og engasjerte tilsette som arbeider for eit godt arbeidsmiljø og som er genuint opptekne av å formidle kunnskap til elevane. Det er hovudfokuset vårt også framover, understrekar Rune Haugsdal.