Daniel Larsen frå Raudeberg i Kinn kommune saknar å gjere heilt vanlege ting når han sjølv ønsker det. Som å lage sin eigen middag. Ting som ikkje har vore mogelege sidan ulykkeskvelden som endra livet hans fullstendig.

4. november 2017

Daniel feira Halloween saman med mange vennar på den nedlagde minkfarmen i Vedvik. Då klokka var rundt 22 gjekk han ut for å ringe etter ein sjåfør.

– Eg gjekk ut på betongaltanen som låg ved sidan av og på same plan som utgangsdøra. Eg hadde vore der fleire gongar før. Det var mørkt. Eg tok fram telefonen og lente meg forsiktig inntil gjerdet – eit gjerde eg hadde sett fleire gongar, men eg hadde aldri tenkt over kva tilstand det var i.

Gjerdet løsna og Daniel fall tre-fire meter rett bakover. Eit høgt smell. Han låg med ansiktet i grusen og klarte ikkje bevege seg.

Eg tenkte berre: «Faen, dette skjedde faktisk». Eg ropte om hjelp, men det var vanskeleg å puste og få ut lyd, fortel han.

Tida gjekk, det blei mørkare og det begynte å småregne. Då det hadde gått over ein time høyrde han vennane synge bursdagsongen til ein kompis som fylte år etter midnatt. Eit kjærastepar kom tilfeldigvis ut for å ringe etter sjåfør. Medan jenta ringde syntest guten at han høyrde lydar.

– Han gjekk rundt på nedsida. Eg hadde på meg kamuflasjekle som kostyme så han såg meg ikkje før han nesten trakka på meg.

Daniel, som var sikker på at han hadde knekt nakken, ga beskjed om at dei ikkje måtte flytte på han og ringe etter ambulanse.

Fleire kompisar kom ut, blant anna ein kompis som nettopp hadde hatt førstehjelpskurs i militæret. Sidan Daniel sleit slik med å puste la dei han i stabilt sideleie. I tillegg ringte kompisen mora si som var ambulansearbeidar. Då ho høyrde kor tungpusta Daniel var, skjønte ho alvoret og han blei henta med ambulansehelikopter.

– Då eg låg åleine, skada, i mørket var eg fleire gongar inne på tanken om at ingen ville finne meg, og eg var redd for at det var no eg skulle dø.

Daniel har tatovert inn «stay +» på armen. Å vere positiv vidare og tenke på kor mykje betre ting er enn utgangspunktet han hadde, er viktig for han. Foto: Kjellrun Åsebø

Har tenkt mykje på ulykkeskvelden

Fire og eit halvt år seinare innser Daniel at ulykkeskvelden alltid vil vere brent fast i minnet. Livet til heile familien endra seg den kvelden.

– I starten tenkte eg mykje på den kvelden. Tenk om eg hadde stoppa og snakka med ein person i staden for å gå ut. Tenk om eg hadde lent meg inntil veggen, og ikkje gjerdet. Det er mange sånne tankar, seier han.

I åra etter ulykka har det for Daniel handla om å tilpasse seg det nye livet, samtidig som det meste av familietid har handla om å ordne ting. Først ordne med kommunal leilegheit, assistentar og søke om hjelpemiddel. Så sal av familien sitt gamle hus på Raudeberg før bygging av foreldra sitt nye hus i Vedvik. Eit hus Daniel klarte å komme inn i.

Det er mykje arbeid som ventar i det nye huset. Målet er å få gjort mest mogeleg på 90 dagar og tanken på familietid utan dugnad er god å endeleg nærme seg. Foto: Kjellrun Åsebø

Dei to søskena til Daniel, Tommy Larsen (28) og Tonje Larsen (31), har reist heim så ofte dei kan dei siste tre åra for å jobbe dugnad saman med faren og mora.

– Det som er vanskeleg og tidkrevjande når ei slik ulykke skjer, er at det er ingen som kjem og fortel deg kva du kan eller må søke på, eller korleis du gjer det. Du må finne ut alt sjølv, seier dei.

Håpet om 90 dagar

No er det neste steget for Daniel eige hus, men å be om hjelp gjennom spleisen «90 dager for Daniel» var eit stort steg å ta for søskena.

Men dei angrar ikkje.

– Det var ikkje berre ein idé som plutseleg dukka opp. Vi hadde eigentleg ikkje noko val. Vi treng hjelp, seier Tommy.

Han og søstera er glade for at broren endeleg har funne eit hus som kan tilretteleggast slik at Daniel kan bu godt der, og dei vil gjere alt dei kan i desse 90 dagane for å få Daniel i hus.

Sjølv er han takknemleg for å ha vennane og familien sin i livet sitt. Han har likevel kjent på at familien har ofra mykje tid og mange krefter på han.

Mamma og pappa er heltane mine, seier han.

Daniel er glad for hjelpa han får frå alle i familien, og han ønsker den.

– Men eg vil heller ikkje slite folk heilt ut. Eg vil jo ikkje at det skal vere eit ork å komme og jobbe med huset kvar dag. Så tanken bak spleisen var også at noko av pengane kunne gå til å leige inn folk til nokre oppdrag slik at eg ikkje bruker opp familien min, seier han.

Inne må veggar og tak rivast og dører utvidast. Ein må også legge ein parkett som toler at ein køyrer rullestol med litt stein i hjula. – Etter at vi oppretta speisen har det også vore folk innom og hjelpt til med å rive veggar. Det betyr mykje og det gir oss som familie energi, seier Tonje. Foto: Kjellrun Åsebø

Kan bevege armane litt

Daniel var åtte månadar på sjukehus etter ulykka. Beskjeden var tung. Ingenting tilsa at han kom til å få tilbake førlegheit i verken armar eller bein. Ein ti timar lang operasjon og etterpå kompliserte operasjonar i armane og opptrening har ført til at han i dag kan bevege noko på armane og at han har nøkkelgrep mellom tommelen og peikefingeren.

Det er Daniel takknemleg for. Det gjer nemleg at han gjere ting som å styre den elektriske stolen, taste på mobilen og drikke av tilpassa flasker.

– Å berre ha eit lite nøkkelgrep er så utruleg mykje meir enn ikkje å ha det, smiler han.

Etter kompliserte operasjonar kan Daniel løfte begge armane litt opp i lufta. Av styrke har han eit nøkkelgrep mellom peikefinger og tommel. Foto: Kjellrun Åsebø

– Får leve meir av livet

Å få sitt eige hus gir nye mogelegheiter for Daniel og familien. I den kommunale leilegheita er det liten plass å bevege seg på og lite privatliv, verken for Daniel eller assistentar.

– Han kan få besøk av kompisar, men må ta omsyn til naboleilegheita for eksempel med tanke på å spele høg musikk, forklarer Tonje.

Men det er mykje som skal gjerast. Alle rom bortsett frå kjøkkenet treng tilrettelegging. Ein må forbetre isolasjonen, ta vekk dørstokkar, utvide døropningar og mykje elektrisk må på plass.

Slik det er no har Daniel assistent fram til klokka 16. Etter det er han åleine.

– Då ringer eg heimesjukepleien når eg treng hjelp.

Men i det nye huset blir det smartløysingar der han kan opne dører og vindauge med enten stemma eller mobil.

– Det blir godt med alt eg kan gjere sjølv utan å be om hjelp. Eg føler meg også mykje betre når eg kjenner at eg er sjølvstendig – sjølv om eg treng hjelp til visse ting, seier han.

I det nye huset skal også eit av romma vere eit hobbyrom der Daniel kan jobbe og utvikle prosjekt. Han skal ha eit treningsrom og assistentane får eit rom, noko som gir alle meir privatliv. I garasjen har dei også begynt å lage til eit sofaområde med storskjerm slik at dei kan sjå på fotballkampar.

Det nye huset ligg i Vedvik. Der bur også nokre av vennane hans og foreldra er ikkje langt unna.

– Full gass på rullestolen i fint vêr, og eg er hos foreldra mine på fem minutt, smiler Daniel.

Har nedturar, men kjem seg opp

Men det er ting Daniel saknar.

– Kvar vinter har vi alltid reist til hytta vår i Hjelmelandsdalen, og det var Daniel som elska ski mest. Der har ikkje Daniel vore sidan ulykka, seier Tommy.

– Ski er kanskje det eg har brent mest for opp gjennom åra. Puddersnø, laussnøkøyring og trikse i hopparken – det er jo himmelen, seier Daniel.

Han drøymer om å kjenne på fart og fridom i skibakken igjen – susande ned alpinbakken på ein sitski, ein alpinski der ein sit på eit fjærbelasta sete.

Det har vore vanskelege periodar og Daniel har hatt det tungt, men han fortel at det er lenge sidan han hadde ein skikkeleg nedtur.

For å komme seg opp i ein tung periode jobbar han med å stenge ute tankar og prøver å vere glad for det vesle han har fått igjen av bevegelse. Han tenker på at det er andre som har det verre, sjølv om det kan vere ein fattig trøyst.

– Eg har ingen nøkkel til korleis unngå nedturar eller tunge tankar. Men tid hjelper. Og det å prøve å ha gode folk rundt seg, og gjere det ein har sjanse til og liker, sjølv om det er lite, seier han.

Daniel og kameratane var på Strandfestivalen på Refvik i 2018 rett etter at han kom heim etter nesten eit år på sjukehus. – Det var ein skikkeleg kneik å reise på Strandfestivalen. Målet var då å hoppe rett uti det slik at det ikkje skulle vere vanskeleg å begynne å gjere ting. No har det vore korona og veldig stille, og eg håper ting tar seg opp igjen der også, seier han. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Viss alle går på fest og Daniel ikkje har noko å gjere, reiser han til mora og faren eller finn på noko i eige selskap. Han har også eit par kompisar som har leilegheiter som han kjem seg inn i.

– Det er ikkje alltid det er stolen min som held meg tilbake frå å bli med på byen med vennar. Det er tusen andre ting som følger med ein ryggmargskade, alt frå nervesmerte til infeksjonar. Når eg først kan vere med på fest med kompisar, så har vi det veldig kjekt i lag slik vi hadde då vi festa før.

Tre gode ting

Tre ting dei siste åra har gitt Daniel følelsen av å vere litt meir med i livet. Jobben på ASVO med grafisk design, beltestolen som kan køyre på anna terreng enn veg og ein tilrettelagt bil han kan køyre sjølv.

– Då eg sat inne i leilegheita heile dagen var det som eg støva ned i hovudet. Det å ha jobb har gitt meg kvardagar igjen. Eg sit på jobb og tenker at det skal bli godt med helg. Det har vore veldig viktig.

– ASVO har vore veldig på. Dei ville at eg skulle klare å komme inn døra sjølv og berre kunne begynne og jobbe ved stasjonen min med data og litt spesialutstyr med store knappar. Så då er det oppdrag eg jobbar med, seier Daniel. Foto: Kjellrun Åsebø

Beltestolen kallar han «tanksen» sin. Den gir fridom. Han har til og med vore ned på sanden i bygda.

Eg sat der, heilt i ro og såg vatnet rundt meg på alle kantar. Eg naut det og kjente på ein liten lykkerus. Heilt til eg kom på at eg ville søkke om eg blei ståande lenger, ler Daniel.

Å komme seg til sanden er mogeleg med beltestolen. Daniel er avhengig av god plass utanfor huset. – NAV har stilt med arkitekt med tanke på snusirklar slik at vi har fått teikningar, seier broren Tommy. Foto: Kjellrun Åsebø

Bilen gjer slik at kvardagen ikkje stoppar etter jobb. Han liker å sette på litt feelgood-musikk og køyre turar ut til huset.

– Eg føler meg fri. Det er så kjekt å sleppe å ringe eller vente ein ekstra time på taxi eller sleppe å få beskjed om at det ikkje er nokon som kan køyre den bilen eg treng for å bli henta.

Ser opp til veslebroren

Søskena er fulle av beundring for broren sin, og korleis han har takla den brutale livsendringa.

– Vi har sjølvsagt hatt tunge stunder og grått ein del saman desse åra, men Daniel har aldri sagt noko negativt til oss. Han er tolmodig. Når du må spørje, og du må kanskje spørje fleire gongar, og kanskje tenke «no kan eg ikkje spørje ein gong til», når du må vente og alt som tar så lang tid, men du klager aldri, seier Tommy og ser på broren.

– All frustrasjonen du må føle, og bølgedalane. Alle oppturane og nedturane. Men det er nok mykje du ikkje seier til oss også, seier Tonje.

Det er sterke band mellom søskena og både smil og latter sjølv om dei er slitne. Foto: Kjellrun Åsebø

Daniel sjølv er redd for å miste kontrollen heilt over følelsane om han gjer det. Han vil ikkje dit, for han ser at situasjonen har blitt betre enn utgangspunktet og fokuserer på det.

– Eg har slitt veldig med å klare å opne meg heilt, fordi eg er redd for å bli skikkeleg lei meg dersom eg gjer det. Og det har eg ikkje lyst til, seier han.

Men det går fint å snakke om ulykka og det som har hendt.

– Eg prøver å vere open med dei som er rundt meg slik at dei kanskje forstår meir om livssituasjonen. Og så ser eg jo at ting har blitt mykje betre enn utgangspunktet eg hadde.