– I det siste har vi som bur i nabolaget blitt veldig plaga av ein hjort. Den siste veke har det gått ein svær bukk som brøler heile kvelden og natta. Han held heile huset vaken, skriv ein innbyggar i Florø-området til Kinn kommune.

Hjorten brøler høgre enn kanskje nokon ville tru, og det kan du sjølv høyre i videoen som innbyggaren har lagt ved e-posten sin.

Ho er usikker på om kommunen er den rette å vende seg til, men veit ikkje kva som er mogleg å gjere for å løyse situasjonen og skape meir kvelds- og nattero i området.

Bukken gir seg først i 5-tida om morgonen etter å ha brølt heile natta.

– Er dette noko kommunen kan ta tak i, spør ho.

– Brølinga har viktige funksjonar

– Det er kommunen som har ansvaret for den lokale hjorteforvaltninga og eventuelt kan gjere tiltak når det gjeld hjort om det skulle vere naudsynt med tanke på skade på avling, eigedom eller ålmenne helse- og sikkerheitsomsyn, svarer rådgjevar Magnus Frøyen i Kinn kommune.

Han forklarer at brølinga til eldre og store bukkar har viktige funksjonar med tanke på reproduksjonen i bestandane.

– Grunna ei overbeskatning av hanndyr over lengre tid er det i bestandane her for lite vaksne hanndyr i høve talet koller. Kinn kommune har nett vedteke nytt forvaltningsmål for hjort der eitt av hovudmåla er å få fleire eldre hanndyr i bestandane, skriv han.

Slike bukkar som den innbyggaren opplever som plagsam no er det såleis prioritert å få fleire av i bestandane.

– Store og dominerande bukkar som brøler samlar eit «harem» av koller som dei passar opp og parar når dei er klar for det. Dette må gjerast innanfor eit tidsrom på cirka 24 timar for vellukka befrukting. Om dei ikkje blir para då, vil det gå cirka 18 døger til kollene igjen går i brunst. Dette vil medføre seinare kalving på våren noko som er negativt for vekt og kondisjonsutviklinga til dyra i bestandane, forklarer han vidare.

Kommunen har forståing for at brølinga om natta kan opplevast som plagsam.

– Men brunsten og brølinga er no snart på topp og vil seinare spakne og vere over om eit par veker. Det kan òg godt hende bukken vil flytte seg før dette. Det er ikkje ønskeleg at hjorten etablerer seg i bustadområde, men brølinga er for ein kort periode no, seier Frøyen.

Han håper dei han bere over med lyden eller finne tiltak for å stenge lyden av brølinga ute i den tida som er igjen.

– Utifrå dette vil ikkje Kinn kommune sette i verk noko tiltak eller avliving med tanke på denne bukken no, avsluttar han.