Blei motivert av historiene til faren og bestefaren

Patrick Halnes Sætren likar å køyre lettsykkel og vere saman med kompisane sine på fritida. Foto: Gjert Myrestrand

Namn: Patrick Halnes Sætren

Alder: 17

Frå: Raudeberg

Fiskehistoriene til faren og bestefaren gjennom oppveksten var med på å motivere Patrick Halnes Sætren til å velje fiske og fangst etter å ha fullført første året på Naturbruk ved Måløy vidaregåande skule.

– Litt av grunnen er nok at eg har høyrt så mange historier frå både pappa og morfaren min om tida dei var på båt. Eg har alltid syntest det har vore spennande å høyre på det dei har fortalt, seier Patrick.

Han vil i utgangspunktet bli fiskar, og har mest lyst til å jobbe på dekk.

– Om det blir styrhuset seinare veit eg ikkje. Eg vil i så fall ha ein del år på dekk sånn at eg kan få ein del erfaring på sjøen før eg eventuelt tenker på styrhuset, seier 17-åringen.

Patrick såg fram til å starte skuleåret med forskingsfiske etter pigghå på Skulebas, men fekk erfare at det å vere mannskap på den aller første fisketuren til ein heilt ny båt kan by på overraskingar.

– Turen starta med at vi låg ved Stadyard på Raudeberg nokre dagar fordi egnemaskina ikkje fungerte. Det er vel kanskje normalt når båten er så ny at ting skal testast ut. Elles har det vore litt ting og tang som måtte fiksast på resten av toktet. Etter kvart fekk vi i alle fall fiska mykje pigghå og kom trygt heim etter fire veker.

Likar å fiske – og å tene pengar

Olav Horne likar å drive med jakt og fiske på fritida. Foto: Gjert Myrestrand

Namn: Olav Horne

Alder: 17

Frå: Gulen

– Eg valde fiske og fangst fordi eg har likt fisking i mange år. Far min jobba på oppdrettsanlegg i mange år, så eg bestemte meg tidleg for kva retning eg ville gå, seier Olav Horne.

Også for Olav er utsikta til god betaling noko som freistar.

– I tillegg til at eg likar å drive med fiske, så er jo det at ein kan tene bra med pengar i dette yrket ein viktig faktor.

Han synest den nye skulebåten er flott.

– Eg synest Skulebas er fin. Det er mykje luksus, men det har også vore ein del feil med utstyret på denne turen.

Likar tanken på å jobbe turnus

På fritida likar Espen Oppedal å køyre motorsykkel og båt, men også å fiske, trene og jakte. Foto: Gjert Myrestrand

Espen Oppedal

Alder: 17

Frå: Indre Oppedal i Gulen

– Eg likar meg på sjøen. Eg har lyst å jobbe turnus der eg kan jobbe i ein periode for så å ha fri litt lenger av gongen slik at eg har tid til andre aktivitetar. Og sjølvsagt er god lønn noko som motiverer.

Det er ingen i familien til Espen som har valt fiskaryrket før han.

– Eg veit eigentleg ikkje kor eg fekk ideen frå, seier han.

Når han etter kvart skal ut i jobb er det særleg ein type båt som fristar.

– Eg har mest lyst til å jobbe på ringnotbåt. Eg synest det ser kjekt ut.

Som dei andre peikar også Espen på at Skulebas har hatt nokre barnesjukdomar på det første lengre toktet.

– Nye Skulebas er ein fantastisk båt, men der er synd noko av utstyret ikkje har fungert som det burde.

– Eg har vore på sjøen sidan eg var tre år

Eirik Kvalheim likar å køyre sykkel på fritida. Foto: Gjert Myrestrand

Eirik Kvalheim

Alder: 17

Frå: Måløy

– Grunnen til at eg valde fiske og fangst var at eg har vore på sjøen sidan eg var tre år gammal, og alltid har likt å fiske når eg har vore ute i båt, seier Eirik Kvalheim.

Han medgir også at pengane motiverer.

– Det er nok også kombinasjonen av at eg har vore mykje på sjøen og dei gode pengane ein kan tene i dette yrket, seier han.

Han har mest lyst til å jobbe på linebåt når han er ferdig med utdanninga.

– Det ser kjekkast ut. Det er alltid noko å gjere på om bord «på lina».

Han synest nye Skulebas er fin og at det er ein god sjøbåt, men fortel at det på det første lengre toktet har vore litt forskjellig utstyr som ikkje har fungert som det skulle.

– Arbeidsdekket skulle ha vore litt betre, synest eg.

Ser for seg ei framtid på notbåt

Sander Sund likar å spele fotball på fritida. Foto: Gjert Myrestrand

Sander Sund

Alder: 17

Frå: Atløy

– Eg valde fiske og fangst fordi eg trivst veldig godt på sjøen. Eg kjenner fleire som har gått på denne linja tidlegare, og visste at den har bra rykte, seier Sander Sund.

Det var ikkje minst faren som påverka Sander til å velje fiskaryrket – ved å gå føre som eit godt eksempel.

– Det er pappa som har inspirert meg til å bli fiskar. Han jobbar sjølv som fiskar på ein notbåt.

I framtida ser Sander føre seg å jobbe på båt.

– Helst ein notbåt, fordi det er det eg har mest erfaring med og trivst best med. .

– Eg likar fysisk arbeid

Martine Håvik liker å vere med vennar på fritida. Foto: Gjert Myrestrand

Martine Håvik

Alder: 17

Frå: Sandane

– Eg har alltid vore glad i å vere på sjøen, og eg likar fysisk arbeid, seier Martine Håvik, og fortel at ho har vore mykje med onkelen til faren sin ut på sjøen.

– Heilt sidan eg var lita har eg vore med han ut i sjarken. Eg har alltid syntest det har vore artig.

Kva ho vil gjere etter enda skulegang er ho ikkje heilt sikker på enno.

– Eg veit ikkje spesifikt kva eg vil jobbe med, men eg er sikker på at eg vil jobbe på sjøen.

Ho synst den nye opplæringsbåten er fin å sjå på.

– Eg synest den er fin, men i starten var det mykje som ikkje funka og maskiner som slutta å fungere. Men elles er det bra at båten har justerbare stålplater i dørken som gjer det enklare for oss som ikkje er så høge å finne gode arbeidsstillingar.

– Eg var skulelei og ville komme meg fort i arbeid

David Hamre Da Silva spelar fotball og er sosial på fritida. Foto: Gjert Myrestrand

Namn: David Hamre Da Silva

Alder: 17 år

Frå: Selje

– Eg valde fiske og fangst fordi det første året på Naturbruk gjorde meg meir interessert i fiskeri. Eg ville sjå om det var noko for meg, seier David Hamre Da Silva.

Han blei inspirert av søskenbarnet til mora si til å utdanne seg i fiskarfaget.

– Og så har eg ein del vennar som skal på sjøen. Men det som inspirerte meg mest var at eg var lei av skule og heller ville komme meg fort i arbeid, smiler han.

Akkurat no har han mest lyst å jobbe på dekk som fiskar.

– Eg synest det er kjekt. Eg liker ordningane med turnus, samtidig som at lønna ein får som fiskar er ganske bra for tida.

Stort sett er han fornøgd med den nye opplæringsbåten, men ikkje med alt.

Skulebas er flott både utvendig og innvendig, men sjølve arbeidsdekket meiner eg kunne vore betre tillaga.

For Simen er fiske både hobby og framtidig leveveg

Simen Vedvik liker å fiske på fritida også. Foto: Gjert Myrestrand

Simen Vedvik

Alder: 16

Frå: Vedvik

– Det var pappa som inspirerte meg til å bli fiskar, seier Simen Vedvik.

Med ein far som har vore fiskar nesten heile yrkeslivet sitt har han nesten vakse opp i ein fiskebåt.

– Eg har vore med far min på sjøen sidan eg var liten og har fiska mykje i livet mitt. Det er faktisk fiske eg liker best å drive med på fritida. Når eg er ferdig utdanna har eg lyst til å drive med fiske på notbåt, seier Simen.

Han har hatt det fint på det fire veker lange pigghåtoktet.

– Skulebas er ein fin båt. Alt funkar ikkje som det skal, men det er framleis ein ganske bra båt.

– Eg har alltid hatt lyst å jobbe om bord i ein båt

Patrick Hjelle liker å vere ute og vere sosial på fritida. Foto: Gjert Myrestrand

Patrick Hjelle

Alder: 17

Frå: Måløy

– Grunnen til at eg valde fiske og fangst er at eg ville utdanne meg innan fiskeri. Eg ville lære mest mogleg om fiske, seier Patrick Hjelle.

Han har alltid har likt seg på båt og har hatt lyst til å jobbe om bord.

Kva type båt han vil jobbe på, har han ikkje heilt bestemt seg for enno.

– Eg har ein liten tanke om å jobbe på ein ringnot- eller garnbåt.

Han synest nye Skulebas er ein fin båt å sjå på og bu om bord i, men eg synst den er litt dumt bygd med tanke på å jobbe om bord på.

– Eg har alltid visst at eg ikkje ville jobbe på kontor

Tuva Moe Salomonsen liker å vere med vennar på fritida. Foto: Gjert Myrestrand

Tuva Moe Salomonsen

Alder: 17

Frå: Bremanger

Tuva Moe Salomonsen har lyst til å bli fiskar og synest yrket verkar spennande og variert.

– Eg har alltid likt fysisk arbeid og har visst at eg ikkje vil sitte på eit kontor når eg skal ut i jobb. Eg har alltid vore glad i havet, så eg har tenkt at dette var den rette vegen for meg, seier ho, og legg til:

– Det var besten og pappa som inspirerte meg til å bli fiskar.

Når ho er klar for arbeidslivet har ho lyst til å jobbe på ein trålar.

– Helst Atlantic Viking. Eg har vore ein tur med Atlantic Viking og storkoste meg om bord.

Ho synest også at Skulebas har blitt veldig fin, men peikar også på eit par ting på dekk som kunne blitt gjort annleis.

– Arbeidsdekket skulle vore meir oppdatert og hatt smartare løysingar.

Dennis vil jobbe på not-, line- eller garnbåt

Dennis Herland liker å køyre lett sykkel og å fiske på fritida. Foto: Gjert Myrestrand

Dennis Herland

Alder: 17

Frå: Askvoll

Dennis Herland valde fiske og fangst fordi det er fiskeri han har lyst til å drive med, fortel han

– Eg blei inspirert til å jobbe på sjøen fordi bestefar min har drive med det heile livet.

Jobben han har mest lyst på er å vere om bord ein not-, line- eller garnbåt.

– Det er desse fiskeria som interesserer meg, seier han.

Han synst nye Skulebas er fin på innsida.

– Men arbeidsdekket var betre på gamle Skulebas.

Hadde tenkt å gå akvakultur, men ombestemte seg

Johannes Færestrand Haugen liker å vere med vennar på fritida. Foto: privat

Johannes Færestrand Haugen

Alder: 17 år

Frå: Halnes, Måløy

– Eg alltid har hatt ei interesse for fiskeri, seier Johannes, og fortel at han allereie har gjort ei endring i faga sine.

– Då eg gjekk på Naturbruk første året hadde eg tenkt å fortsetje med Akvakultur, men dei få turane vi hadde med gamle Skulebas gav meg meir perspektiv på korleis det er å vere fiskar.

Han har blitt inspirert av både faren og bestefaren som har vore mykje på sjøen.

– Dei har vore masse på lina. Derfor ville eg prøve meg litt fram med det. Eg fann fort ut at det er det eg vil satse på framover.

Det er også det han vil jobbe med.

– Lina høyrest tryggast ut akkurat no, og så langt har eg kost meg skikkeleg på lina.

Han ønsker seg ei mast på nye Skulebas.

– Ja, det kunne gjort seg med ei mast. Det er mange barnesjukdomar på ein heilt ny båt, og av og til merkelege oppsett, seier han, og fortel at han lengtar litt tilbake til gamle Skulebas.

Denne saka er henta frå temaavisa Eit hav av moglegheiter, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Fjordenes Tidende og Firdaposten.

Her kan du lese heile magasinet.