Etter nokre år med pause kunne MVS igjen arrangere trafikktryggingsdag for vg1-elevane.

Det var mange i sving for å gjennomføre denne dagen. Blant dei var Malin Kassen og Andrea Carlson som spelte markørar under øvinga til naudetatane.

– Det er viktig med ein dag med fokus på trafikktryggleik, seier dei to som begge går på TAF/YSK helsearbeidarfag ved MVS.

Dei tre førsteklassingane Ingeborg Hamre, Stine Solvang og Silje Kassen er heilt einig.

Ingeborg Hamre, Stine Solvang og Silje Kassen meiner det er bra at skulen set av ein heil dag til trafikktryggleik. Foto: Håvar Fagerli

– Det er litt slik at ein tenker at dette skjer ikkje oss. Det er nokon som er litt uforsiktige med ein gong dei har fått lappen. Derfor er det bra å sjå kva konsekvensar det kan få om ein er uforsiktig i trafikken.

Trafikktryggingsdagen starta med at ein personbil vart løfta opp ti meter av ein kranbil og sleppt ned.

– Eg kvapp. Eg såg at det skjedde, men kvapp likevel, seier Ingeborg.

Droppet frå ti meter svarar til ein kollisjon med ein fart på 50 kilometer i timen.

– Det var litt skummelt. Eg tenker at det kan gå veldig mykje meir gale om det hadde vore større fart, seier Stine.

Naudetatane viste elevane korleis dei jobbar på ein skadestad:

Bilen før kollisjonen. Foto: Håvar Fagerli
Bilen etter kollisjon i 50 km/t. Foto: Håvar Fagerli
Elevane fekk sjå på skadane på nært hald. Foto: Håvar Fagerli
John-Inge Henden (Kinn brann og redning) gjev tydelege instruksar til markørane Malin Kassen og Andrea Carlson. Foto: Håvar Fagerli
Det kan vere tøft å vere først på ein skadestad, men det gjeld å halde roa. Foto: Håvar Fagerli
Det handlar om å berge liv. Foto: Håvar Fagerli
Med god rettleiing frå AMK kan ein gje livreddande førstehjelp fram til ambulansen kjem fram. Foto: Håvar Fagerli
Malin Kassen og Andrea Carlson inne rollene som først på skadestaden. Foto: Håvar Fagerli
Pasienten er i dei beste hender. Foto: Håvar Fagerli
Politikontakt Åse Romuld og innsatsleiar Morten Hagen fortel elevane om kva som skjer på ein ulukkesstad. Foto: Håvar Fagerli
Elevane får med seg kva som skjer. Foto: Håvar Fagerli
Kinn brann og redning gjer klar til frigjering av skadd bilførar. Foto: Håvar Fagerli
Det er viktig med godt samarbeid mellom naudetatane på ein skadestad. Foto: Håvar Fagerli
Klipping for å frigjere dei skadde inne i bilen. Foto: Håvar Fagerli
Ragnhild-Elin Fimreite (Rådgjevar og prosjektleiar ved MVS), John-Inge Henden (Kinn brann og redning) og Åse Romuld (politikontakt) organiserer øvinga. Foto: Håvar Fagerli
Elevane takka naudetatane. Foto: Håvar Fagerli
Gjengen samla etter avslutta øving. Foto: Håvar Fagerli
Elevane fekk felles opplæring om korleis ein skal opptre på ein skadestad. Foto: Håvar Fagerli
Ragnhild-Elin Fimreite viser her fram rulleringsplanen for dagen. Elevane var innom ni ulike postar denne dagen. Foto: Håvar Fagerli
Ragnhild-Elin Fimreite er rådgjevar ved MVS. Ho er prosjektleiar for trafikktryggingsdagen. Foto: Håvar Fagerli
NAF stilte med bilrulle der elevane fekk kjenne på kor lurt det er å bruke sikkerheitsbelte. Foto: Håvar Fagerli
John Arve Tenden underviser på køyretøy ved MVS, og var også med å arrangere trafikktryggingsdagen. Foto: Håvar Fagerli
Brannsløkking var ein del av opplæringa. Foto: Håvar Fagerli
Det gjekk med ein del pulver denne dagen. Foto: Håvar Fagerli
Her får ein kjenne på korleis det er å bråstoppe. Foto: Håvar Fagerli
Det merkast godt sjølv om det er lav fart. Foto: Håvar Fagerli
Vi lova Andra og Malin at vi også skulle bruke eit bilde der dei smiler. Foto: Håvar Fagerli