Nestleiar Rolf Jacobsen, kasserar Marit Fure og styremedlem Eli K. Sjåstad var ikkje på val. Nye styremedlemmer vart Sigmund Refsnes og Anita Bentsen.

Årsmøtet var halde på restaurant «Fru Inga». Vederhus hadde velkomstord og «Ord for dagen».

– Sigbjørn Sjåstad vart ordstyrar for sjølve årsmøtet, og dette vart avvikla raskt og greitt. Etterpå fekk vi servert gryterett m. ris, kaffi og blautkake, og «drøsa» gjekk livleg rundt dei festpynta borda, seier Marit Fure til Fjordenes Tidende.

– Under matpausen var det framført song av 8 unge damer, kalla Acabellas, leia av Marita Bødal. Dei song a capella firstemt, særs vakkert!, seier ho.

I tillegg var det utlodding, og Asbjørn Våge framførte eit kåseri der han fortalde mange gode historier som løyste smilebandet hjå alle.

– Etterpå fekk vi   lytte til Niklas Bødal si framføring på fiolin av «Sailing Home», det var verkeleg flott! Han er berre 7 år og går på kulturskulen der han lærer å spele, seier Marit Fure.

Niklas Bødal framførte songen «Sailing Home» på fiolon. Foto: Privat

Den nyvalde leiaren Leiv Arne overrekte blomster og gode takkeord til Anne-Karene for arbeidet som leiar i laget.

– Sjølv takka ho styret for godt samarbeid og støtte, og dei mange medlemmane som med gode og oppmuntrande har gjort leiarvervet til ei glede. Ho ynskte det nye styret all lukke til med arbeidet vidare i Stadlandet Pensjonistlag. Så var det takk for frammøtet og Vel heim med vakre musikktonar av Niklas på fiolin og bestefar Leiv Arne på trekkspel.

Niklas og bestefar Leiv Arne avslutta kvelden for dei frammøtte. Foto: Privat