Den ferske leiaren for Kinn utdannings- og ressurssenter i Florø (KURS), Eva Melvær Langaas, kunne torsdag ta imot 150 flyktningar til valdebatt. Representantar for seks parti stilte opp i valdebatten, som er blitt ein vanleg del av introduksjonsprogrammet i dei åra det er val.

Medborgarskap

– Flyktningane lærer om demokrati og medborgarskap på skulen her hos oss. Derfor er det flott at vi får politikarar til å stille opp for å fortelje om sine standpunkt. Som ein del av skulearbeidet har dessutan fleire av flyktningane førebudd spørsmål som dei vil stille til politikarane i løpet av debatten, fortel Eva.

Dei fleste av flyktningane som var til stades torsdag har ikkje vore lenge nok i landet til å ha stemmerett, men for alle er valdebatten eit møte som viser at dei blir tatt på alvor og inkludert. Og kanskje er det ein inspirasjon til å involvere seg aktivt i samfunnslivet i Kinn.

Seks parti og seks språk

Ein valdebatt der publikum kjem frå mange ulike land må nødvendigvis bli litt annleis enn ein debatt der replikkane fyk fort mellom debattantane.

Jón Valur Ólafsson (SV) hadde sonen Sindre på armen og nøgde seg med å lytte til debatten Foto: Per Øyvind Helle / Firdaposten

I KURS sitt lokale måtte dei seks partirepresentantane dele opp innlegga sine i kortare bolkar enn vanleg. For i salen sat erfarne innvandrarar som beherskar norsk og omsette det som blei sagt til morsmålet til dei relativt ferske flyktningane.

– Her går det i ukrainsk, engelsk, farsi, arabisk, somali og spansk. I alle fall. Kanskje eit par språk til, smiler Eva medan det summar i lokalet når omsetjarane omset til sine språkgrupper kva politikarane nettopp har sagt om tema dei er opptekne av.

Det var partia SV, V, FrP, AP, KrF og Raudt som stilte med representantar i valdebatten. Ein av dei som stod og høyrde på var listetopp Jón Valur Ólafsson i SV. Han let andrekandidat Bente Nilsen ta plass i politikarpanelet.

– Dette er det niande lokale debattmøte om valet på fire veker. Det er travelt, og skal eg få med meg alt så må eg ta med Sindre, smilte han.

Jón heiar på engasjementet til ulike grupper og interesseorganisasjonar som ønskjer at politikarane stiller opp til debattar for dei.

– Men politikk er frivilleg arbeid, så ni møte kan vere i overkant, sa han og presiserte at valdebatten på KURS er viktig.

Og det er den absolutt. For den er ein fin ingrediens i det velsmurte maskineriet som tek i mot, tek vare på, introduserer og integrerer nye landsmenn i innvandrarkommunen Kinn.