Lone og Trond gler seg over at det blir fleire naboar i hyttefeltet
Det er sett ny rekord i salet av hyttetomter i Harpefossen hyttegrend, og familien Lone og Trond Kongshaug er nokre av dei som er på vinterferie i ny hytte i Hjelmelandsdalen.
Reidar Vonheim i Harpefossen Hyttegrend (f.v.) har hatt rekordsal av tomter. Her saman med ein familie frå Vedvik ved Raudeberg som har fått seg hytte, Trond og Lone Kongshaug med barna Daniel (13), Emil (6) og Olivia (seks månader). T.h. står Ingrid og Eirik Lofnes Bakke frå Refvik som er på besøk i vinterferien.
Foto: Siri Kolseth