Foto: Bjørn Erik Drabløs

Leikanger kyrkje er på lista over kyrkjer som treng utvendig oppussing. – Bygget er verneverdig, men langt ifrå verdig i dag, seier Sveinar Leikanger.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Kyrkja vart innvigd i 1866 og vart sett opp av material etter den gamle Selje-kyrkja som vart riven same året. Og sjølv om den framleis ser svært flott ut, er det først når ein kjem nærare at ein ser problemet.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Mykje av treverket er nemleg utan måling, noko som langt ifrå er heldig på ein vêrutsett stad som Leikanger.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Dette var derfor tema under det førre kommunestyremøtet i Stad.

– Eg må komme med ei oppmoding. Kyrkja på Leikanger ser heilt forferdeleg ut på utsida. Står den på prioriteringslista og kva er vegen vidare, spurde Sveinar Leikanger.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Svaret var at kyrkja er komen på lista til Stad kyrkjelege fellesråd over kyrkjer som er prioritert.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

– Vi har fått tilstandsrapport og det er den første kyrkja som kjem på anbod om fellesrådet vedtek det. Kyrkja på Stårheim er den neste, svarte kyrkjeverje Synnøve Smørdal Wiik i Stad kyrkjelege fellesråd.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Til Fjordenes Tidende seier Sveinar Leikanger at tilstanden på kyrkja er noko han har tenkt på lenge.

– Eg er fersk i politikken men eg har eigentleg venta på eit godt tidspunkt å ta det opp på. No då ho tok det opp i møtet så passa det fint. Slik kyrkja ser ut i dag er noko som opptar både bygdefolk og tilreisande. Bygget er verneverdig, men det er langt ifrå verdig sånn det ser ut i dag, seier han.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Han fryktar at om det ikkje blir tatt tak i snarast, vil det kunne koste kommunen mykje meir om berre nokre få år.

– No veit eg ikkje status med tanke på om det er lekkasjar eller liknande, men om det er det, og ein må til med ei skikkeleg renovering, så står ein overfor ein langt større kostnad. Det er derfor på høg tid – eg vil seie på overtid – at det blir gjort noko, seier han.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Etter planen skal saka opp i neste møterunde i Stad kommune. Av fellesrådet er kyrkja altså plassert på førsteplass på prioriteringslista, viss dei får pengar.

– Eg håpar et det blir sett fokus på dette og at det blir ein diskusjon rundt det, seier han.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Ifølge Leikanger veit han om fleire som vegrar seg for å bruke kyrkja til både bryllaup og dåp på grunn av korleis den ser ut.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

– Folk er rett og slett skjemde. Innvendig er den bra, men utvendig ser den ikkje ut. Det er skremmande. Det gjer rett og slett at folk ser seg om et andre stadar å arrangere, seier han.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Leikanger omtalar ikkje seg sjølv som spesielt religiøs. Ikkje at det har noko med saka å gjere. Eit verneverdig bygg fortener ei betre skjebne uansett kva ein trur og ikkje trur på, meiner han.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

– Om du trur eller ikkje trur har ikkje noko å seie. Alle har ei grav å gå til og om ein ikkje har det så får ein det, avsluttar han.

Foto: Bjørn Erik Drabløs