Line tek i lyttaren med på reise ut mot havet i låtane. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Då Line flytta heim ville ho finne igjen gleda ved å bu ved havet – det utforskar ho i sitt nye album

Line Dybedal frå Selje er i desse dagar ute med sitt nye album, «Armeria maritima» der ho i låtane tek lyttaren med på ei reise ut mot havet. Ei reise mot noko ho sjølv har måtte finne tilbake til for å finne ro, nemleg det å slå røter ved havgapet.