Mathias Skår flytta heim til Selje for eit halvt år sidan. På denne tida har han jobba for å legge grunnlaget for det som kan bli ei ny og etterlengta suksesshistorie i heimbygda. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Mathias (23) vil snu trenden – tok med seg firmaet heim for å skape arbeidsplassar og vekst

Mathias Skår frå Selje var lei av stadig å lese om det eine tilbodet etter det andre som forsvinn ifrå heimbygda. No har han flytta heim frå Bergen for å vere med på å snu skuta.