Marius Kongsvoll (i midten) ser fram til å vere rektor på Flatraket skule sjølv om det også er eit stort ansvar. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Marius (32) lo då han vart oppmoda om å søke rektorjobben – no er han nest yngst på lærarrommet, men sjef for alle

Marius Kongsvoll vart ferdig utdanna som lærar i 2013. Berre ni år etterpå er 32-åringen rektor ved Flatraket skule. Men at han i det heile tatt skulle søke på jobben var utenkeleg for berre eitt år sidan.