Ambulanse og brann vurderer samarbeid om «blålyshus» for å oppfylle krava til ein trygg arbeidsplass
Stad kommune og Helse Førde har underskrive ein intensjonsavtale der partane vil sjå på moglegheita for å bygge ein kombinert ambulanse- og brannstasjon i Selje.
Både ambulansestasjonen og brannstasjonen i Selje har fått pålagt krav frå Arbeidstilsynet. Stad kommune og Helse Førde har derfor signert ein intensjonsavtale for å sjå på moglegheita til å kombinere dei to under same tak.
Foto: Bjørn Erik Drabløs/Fjordenes Tidende