– Vi har eit klart vedtak om nei til vindkraft i kommunestyret. Likevel blir det halde møte med aktørar, også der ordføraren møter sin eigen svoger, seier Ottar Jan Løvoll.

– Eit vedtak gjeld til eit anna er gjort. Det er ikkje ulovleg å møte næringslivsaktørar. Og eg er heller ikkje inhabil, kontrar ordførar Lena Landsverk Sande.

Dette er nokre av ingrediensane i ei heilt spesiell sak som har prega Vanylven dei siste månadane.

Saka er dekt i Synste Møre og eit par av Nordfjord-avisene, men så langt ikkje i denne avisa.

Det trengst derfor ein liten introduksjon.

Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande, blir skulda for å gå bak ryggen på resten av kommunestyret. Foto: Marius Simensen

Ville få ned konfliktnivået

I ein artikkel i Nettavisen 4. februar i år kom det fram at Vanylven har eit kraftproblem.

– Realiteten er at vi manglar straum, sa ordførar Landsverk Sande.

Ho melde at det var behov for ein kraftdebatt i Vanylven, noko fleire parti støtta.

Og debatt skulle bli.

I slutten av april arrangerte kommunen ein energidag.

Ikkje berre vindkraft var på programmet, men ulike løysingar for framtida.

– Eg tenkte ein slik dag ville få ned konfliktnivået, men slik gjekk det ikkje. Mange tolka det som at det var vindkraft som var vårt hovudpoeng å få fram og alt det andre berre var skalkeskjul, seier Lena Landsverk Sande.

– Vi eig vedtaket

Grunna all uroa vart organisasjonen «Nei til vindkraft i Vanylven» stifta.

– Vi hadde tidlegare hatt ein meir lokal organisasjon som heitte «Vern Hovda», då det var aktuelt med vindkraft i området Hakallestranda-Fiskå for dryge ti år sidan. Organisasjonen vart også nytta då NVE kom med sin nasjonalplan i 2019. Så vart den sovande. Men no tenkte vi det var lurt med ein organisasjon som dekte heile Vanylven, seier leiar Frode Høgset.

Med seg i styret har han blant andre Ap-veteranen Ottar Jan Løvoll.

Løvoll meiner det er heilt bak mål at det no har blitt aktuelt med vindkraft, sidan kommunestyret har eit vedtak frå 2019 om at dei ikkje vil ha vindkraft.

– Derfor er eg forundra over at det har vore politiske møte utan at vi som politikarar veit det. Dei første som burde blitt orienterte om det skjedde ei utvikling i saka var kommunestyret. Vi eig vedtaket frå 2019, meiner Løvoll.

I styret til «Nei til vindkraft i Vanylven» sit både politikarar og ikkje-politikarar. Leiar Frode Høgset har ikkje politisk bakgrunn. Det har Ap-veteranen Ottar Jan Løvoll. I tillegg sit det eit par medlemmar av Industri- og næringspartiet i styret. Foto: Marius Simensen

Men kva har desse møta gått ut på, og kven har vore der?

Ottar Jan Løvoll seier at han prøvde å få gode svar på desse spørsmåla i formannskapet 20. juni og kommunestyret 27. juni.

Løvoll seier at han først 7. juli fekk svar frå kommunedirektør Andreas Nørve om at kommuneleiinga hadde hatt møte med energiselskapa Tussa, Sogn og Fjordane Energi, Tafjord, Cloudberry og Green Nordic.

– Det første møtet med Green Nordic skal ha skjedd 14. februar, og til alt overmål møtte her ordføraren svogeren sin, som er tilsett i Green Nordic, seier Løvoll.

– Ordføraren burde ha halde seg til vedtaket frå 2019 om at Vanylven seier nei til vindkraft. Skal saka revurderast trengst det eit nytt vedtak, meiner Frode Høgset.

I dette fjellområdet kan det kome vindturbinar. Foto: Marius Simensen

– Ikkje inhabil

Ordførar Lena Landsverk Sande ser derimot ikkje saka på same måten.

– Det er enkelte som ønskjer å styre kva ordføraren skal delta på og ikkje. Men eg meiner det er viktig at ordføraren møter alle som vil ha møte, seier Landsverk Sande.

Ho seier at alle skal føle seg trygge på at alle som vil prate med henne om vindkraft har fått beskjed om Vanylven sitt vedtak frå 2019.

– Så vi går ikkje i forhandlingar med nokon, men vi nektar ingen å fortelje kva planar dei har for Vanylven kommune, same om det er om vindkraft, akvakultur, gardsdrift eller kva det skulle vere, seier Vanylven-ordføraren.

Ho bekreftar at selskapa Cloudberry og Green Nordic kjapt tok kontakt etter oppslaget i Nettavisen.

– Det blir hevda du er inhabil fordi svogeren din er tilsett i selskapet?

– Vi har enno ikkje hatt opp ei sak der eg kunne meldt meg inhabil. Habilitetsreglane seier klart at eg ikkje er inhabil, men kommunestyret må gjerne gjere den vurderinga, seier Lena Landsverk Sande.

– Eg har open møtekalender, men vi offentleggjer ikkje næringslivsaktørar sine planar før dei sjølv ønskjer det, seier ordførar Lena Landsverk Sande (Venstre). Foto: Marius Simensen

– Vedtak varer ikkje evig

Og vurdering av habilitet blir det nok.

For eit innbyggjarinitiativ gjer at saka kjem opp i kommunestyret 5. september.

Det var behov for 62 underskrifter for å få opp saka. På få dagar kom det inn over 450.

– Målet er å forsterke nei-vedtaket frå 2019, varslar Frode Høgset og Ottar Jan Løvoll.

Ordførar Landsverk Sande meiner på si side at vedtaket frå 2019 er misforstått.

– Vedtaket frå 2019 var eit svar på eit høyringssvar frå NVE. Kjem det ein søknad til kommunen må den behandlast uansett. Det er ikkje slik at ein gjer eit vedtak, og så er det evigvarande, seier ordføraren.

Per no er det ingen som har søkt om å bygge vindkraftparkar i Vanylven, men ordføraren bekreftar at Green Nordic har gjort eit godt forarbeid.

Skisser finst, og dei viser totalt 35 turbinar i Åheim-området. 14 turbinar i området frå Tusshornet nærast Åheim sentrum og sørover, og 21 ved den såkalla Dua lenger oppe i dalen.

– Vindkraft må vere det siste alternativet. Det er øydeleggande for naturen og miljøet, og øydelegg dessutan det visuelle for dei som bur nærast, meiner Frode Høgset.

Det finst ulike organisasjonar og grupper som jobbar mot vindkraft i Vanylven. «Nei til vindkraft i Vanylven» er berre ei av dei. Det var andre som stod bak oppropet som gjer at vindkraft-saka kjem opp i kommunestyret 5. september. Dette oppropet står derimot «Nei til vindkraft» bak. Ifølgje oprop.net har dei 955 underskrifter per torsdag 20. juli klokka 13.00. Dette oppropet starta 8. juni. Foto: Marius Simensen

Viser til valkampen

Medan vi møter dei ulike aktuelle aktørane i saka ved butikken på Åheim kjem Heidi Endal forbi.

Ho var ein av initiativtakarane bak den lokale vindkraftmotstanden.

– Fjella ligg altfor nært til at dei kan raserast rett utanfor stovedøra vår. Dessutan er jo vindkraft ut. Kvifor skal politikarane her då ha slikt fokus på det, undrar Endal.

Ho er venninne med ordførar Lena Landsverk Sande. Begge seier at dei klarer å skilje mellom sak og person. Men klarer alle det?

Det kan nemleg verke som konfliktnivået er høgt.

– Har det gått så langt at folk ikkje helsar på kvarandre?

– Eg opplever ikkje det, i alle fall ikkje her. Eg er bekymra for at det kan bli slik, men eg håper at folk tek vare på kvarandre, seier Lena Landsverk Sande.

– Kvifor har konfliktnivået stige slik?

– Det er valkamp, heilt klart og opplagt. I alle fall for ein del. Og så er det dei som har eit sterkt personleg forhold til fjella og naturen her. Debatten har vore betent og sår ein periode. Som eg har sagt til blant andre Heidi så må folk ha dei meiningane dei vil. Men enkelte er så opptrekte at dei kan skrive kva som helst om ordføraren.

Heidi Endal signerer oppropet mot vindkraft som ligg fysisk på butikken på Åheim. Foto: Marius Simensen

Venstre-nei – enn så lenge

Men kor realistisk er det eigentleg med så store vindkraftutbyggingar i ein så liten kommune?

Og kva meiner ordføraren sjølv?

– Vanylvingar flest er sterkt imot vindkraft, seier Ottar Jan Løvoll.

– Vanylven Venstre har nei til vindkraft på programmet vårt denne perioden, og kjem til å røyste etter det 4. september, seier Lena Landsverk Sande.

Men der finst eit men.

– Vanylven kommune har eit kraftunderskot og vi har tatt til orde for å diskutere alle løysingar. Vi har ikkje spesielt lagt vekt på vindkraft, men vi har tatt initiativ til å snakke om vindkraft, vasskraft, solkraft, kjernekraft og i det heile alle utfordringar som kan løyse utfordringane vi står i.

Lena Landsverk Sande og Heidi Endal ser kanskje ikkje heilt likt på vindkraftsaka, men prøver å ha ein god tone likevel. Foto: Marius Simensen