Emanuel Kvernevik Sundal elskar alt som har med fiske og sjøen å gjere. Så å seie kvar dag er han på sjøen for å drive med hobbyen sin saman med «besten» Oddgeir Kvernevik. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Når Emanuel (11) sit på skulebenken har han berre ein tanke i hovudet: – Eg vil heim for å fare på «sjøna»

Emanuel Kvernevik Sundal har ein altoppslukande hobby, nemleg fiskeri. Frå heimegrenda Kvernevik i Stad kommune reiser han og «besten» Oddgeir Kvernevik ut for å fiske. Og no har elleveåringen til og med begynt å legge seg opp nokre kroner.