Entreprenøren UNU AS arbeider for å etablere eit nytt bustadfelt i Måløy. Dette kan resultere i ei heilt ny gate med 33 tomter på Øvre Skram. Alt ligg til rette for eit fantastisk felt, meiner bedrifta.
Ny gate: Planane til UNU og Vågsøy kommune inneber ein ny veg frå Gate 6 via Fjellvegen (ved det oransje feltet) og opp til Måløy stadion. Når denne vegen har kryssa Skramselva vil UNU føre vegen tilbake mot nord og opparbeide 33 nye tomter. Den nye gata er teikna inn øvst på kartet.
Foto: Kart