Vestland fylke opplyser på sine nettsider at ein kan følge direktesending frå sakbehandlinga frå klokka 12, men kommunikasjonsavdelinga opplyser til Fjordenes Tidende kl. 12.15 onsdag at det har blitt ei utsetting, og at sjølve utvalsmøtet ikkje startar før klokka 12.30. Og dermed også sendinga.

Møtet starta nær litt over ein time etter oppsett skjema.

I førre veke la fylkesadministrasjonen fram sitt framlegg til «heilskapleg plan for tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune». Reaksjonane på framlegget har vore sterke frå mange regionar, lokalsamfunn og skular.

Frp Vestland har varsla at dei vil føreslå å sende saka tilbake til administrasjonen for vidare utgreiing.

Slik ser sakslista ut:

  • GK 8/24 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste

  • GK 9/24 Godkjenning av møteprotokoll frå møte i hovudutval for opplæring og kompetanse 14.02.2024 2021/87923

Politiske saker:

  • PS 18/24 Open høyring - Heilskapleg plan for tilbodsstruktur i Vestland fylkeskommune 2024/6469

  • PS 19/24 Innspel til kommande høyring om lokal forskrift - Forskrift om skulereglar for Vestland fylkeskommune 2024/404

  • PS 20/24 Høyringsuttale - fråværsreglement ved ny opplæringslov 2024/5733

  • PS 21/24 Vidareføre temaplanen Fornye og Forbetre - Auka gjennomføring 2024/7620

  • PS 22/24 Rullering av handlingsprogrammet Fornye og Forbetre - Auka gjennomføring 2024/7797

  • PS 23/24 Plan for kompetanse - og profesjonsutvikling strategi 2021-2025, rullering 2024. 2024/7642

  • PS 24/24 Styrking av infrastrukturen for den regionale kompetansepolitikken 024/2778

Referatsaker:

  • RS 5/24 Løypemelding elev- og lærlingundersøkinga og resultat termin 1 skuleåret 2023/24 2024/7645

  • RS 6/24 Samhandling og oppgåveløysing i opplæringssektoren 2024/7686

  • RS 7/24 Status studiesenter i Vestland 2024/2778

  • RS 8/24 Konferanse om papirlause 31.05.24 - vegen vidare 2023/59288

Før møtet har det vore eit fellesmøte for hovudutvalet for opplæring og Y-nemnda:

Her hadde dei følgande på agendaen:

09.00 Velkommen v/leiarar for OPPKO og Y-nemnda

09.10 Orientering om søkjartal og utfordringar (20 min + 15 min spørsmål)

09:45 Orientering om høyringsutkast strukturplan (30 min + 20 min spørsmål)

10.35 Orientering elev- og lærlingundersøkinga (15 min + 10 min spørsmål)

11.00 Fellesmøtet blir avslutta

Desse orienteringane blei av ein eller annan grunn ikkje strøyma, men det vil vere viktig å høyre kva politikarane hadde av spørsmål.