Chile. Februar 1988.

Ei ung kvinne føder ein liten baby i eit fattig område i Lautaro. Kvinna har allereie fødd fire barn tidlegare. Ho er fattig og bur saman med mannen som er mykje eldre enn henne.

Den vesle jenta er prematur og svært underernært. Babyen blir henta til sjukehuset der ho må vere i mange månadar før ho er frisk nok til å bli plassert på ein barneheim i byen Temuco.

Evja. November 2023.

Den vesle jenta har blitt 35 år.

Marisol Eliassen pakkar kofferten for å reise til Chile saman med mamma Gunhild og pappa Arvid. Det er fjerde gongen ho reiser tilbake til landet der ho blei fødd.

Men denne gongen blir det annleis. No skal ho oppleve noko ho har drøymt om i mange år.

– Har eg endå fleire søsken?

– Eg hugsar ikkje kor tid mamma og pappa fortalde meg at eg var adoptert, men eg har alltid visst det og det var noko vi snakka om frå eg var lita. Eg visste kva land eg kom frå, at eg hadde ein familie der og at mamma og pappa hadde adopsjonspapira mine med litt informasjon om meg og bakgrunnen min, seier Marisol.

Adopsjonspapira fekk Marisol av foreldra då ho var 15 år og dokumenta har følgt henne heile livet.

– Eg fekk dei då eg blei konfirmert fordi det var første steget inn i vaksenlivet.

I papira står det vesle ho veit om livet ho ikkje hugsar noko frå. Men samanlikna med mange andre barn som blei adopterte frå same barneheim, inneheld hennar papir mykje informasjon.

– Eg er heldig. Nokre veit ikkje namna på foreldra, mens nokre berre veit fornamna. I mine papir står det fulle namnet til begge dei biologiske foreldra mine, alderen deira då eg blei fødd, at eg er yngst av fem søsken og namnet på tettstaden der eg blei fødd, seier ho.

Heilt sidan ho var lita har ho tenkt på denne familien i landet langt vekke.

– Eg har ofte lurt på om eg har endå fleire søsken. Søsken som kom til verda etter meg. Mi biologiske mor var berre i 20-åra då ho fødde meg. Og så lurte eg mykje på om ho framleis var i live.

Marisol og mamma Gunhild ser gjennom albumet frå då dei henta Marisol i Chile og den første tida hennar i Evja. Foto: Kjellrun Åsebø

Eit lite håp

Marisol hadde eit lite håp om at hennar biologiske mor framleis var i live då ho for alvor begynte å tenke på å gjere eit forsøk på å finne familiemedlemmane sine.

– Den biologiske faren min var i 50-åra då eg blei fødd, så han trudde eg eigentleg ikkje at eg kom til å finne.

Sjølv om ho har tenkt ein del på familien sin i Chile, føler Marisol seg veldig heldig som fekk eit liv i Norge saman med mora og faren.

– Eg var veldig underernært og for tidleg fødd. Hadde ikkje myndigheitene gripe inn, er det ikkje sikkert at eg hadde levd i dag. Så det er eg svært takknemleg for. Eg var på barneheimen til eg var 1,5 år gamal og der var det visst svært mange barn og få hender til å ta seg av oss. Så dei andre barna og eg fekk lite stimuli, forklarer ho.

– Litt som heime

Foreldra til Marisol var opptatt av at ho også skulle få moglegheita til å ha ei tilknyting til landet der ho blei fødd.

– Før eg reiste til Chile i november i år, hadde eg vore der tre gongar tidlegare. Det var eigentleg mamma og pappa som spurte om eg kunne tenke meg å reise for å bli kjent med landet og kulturen – og det ville eg sjølvsagt. Første gongen gjekk eg i 7. klasse på barneskulen, andre gongen var eg 16 år og den tredje 25, smiler ho.

På dei tidlegare turane til Chile har Marisol kjøpt med seg ting som ho liker og føler er ein del av seg. Foto: Kjellrun Åsebø

Ho hadde sett bilde av barneheimen ho var på då ho var lita. Mora til Marisol tar fram igjen fotoalbumet frå då dei henta henne.

– Då vi endeleg fekk hente deg hadde du ikkje kle, du kunne ikkje gå, du hadde ikkje språk og du kunne ikkje ete fast føde. Dette bildet er frå den første turen din ut i friluft. Barna var berre inne fordi det ikkje var nok tilsette ved barneheimen, seier Gunhild og peikar på eit bilde i albumet.

Marisol er på livets første luftetur då ho var 18 månadar gamal. Foto: Privat

På den eine Chile-turen køyrde familien innom fødebyen og Temuco slik at Marisol fekk sjå barneheimen, sjukehuset og domstolsbygninga der adopsjonsattesten hennar blei skrive.

– Men det var 1. juledag og alt var stengt. Eg har ingen minne eller følelsar frå denne første tida i livet, men det som er litt rart er at alle gongane eg har landa med fly i Chile, følest det som eg er litt heime.

At ho var adoptert var også noko ho snakka med vennane sine om i barndommen.

– Det har liksom alltid vore sånn. Eg hugsar ikkje dette, men eg har fått det fortald nokre gongar, ler ho.

Ho er midt i ei forteljing om ein periode i barnehagen der barna skulle velje eitt land og bli kjent med det.

– Og då valde dei Chile på grunn av meg. Alle barna jobba med å bli kjent med landet, kulturen og korleis det såg ut der. På sjølve dagen skulle vi stille ut alt vi hadde laga og presentere det. Og vi skulle lage og ete chilensk mat. Men eg blei sjuk og kunne ikkje gå i barnehagen. Så eg gjekk glipp av sjølve dagen, ler Marisol.

Heilt frå ho såg bilda i det gamle fotoalbumet har ho vore nysgjerrig på historia si.

Dette bildet fekk Gunhild og Arvid Eliassen tilsendt ei stund før dei kunne hente Marisol. Barna på barneheimen hadde ingen eigne klede. Denne kjolen var ein personalet brukte på alle jentene då bilde skulle bli tatt og sendt til dei kommande foreldra. Foto: Privat

– Det var veldig spesielt å reise for å hente Marisol. Det blei forferdeleg mange inntrykk på ein gong. Prosessen før vi fekk telefonen om at det var eit barn til oss tok tre år. Vi fekk eit bilde og litt informasjon om henne. Men før vi kunne reise ned og hente henne, skulle adopsjonen annonserast tre gongar juridisk slik at dersom nokon ville protestere på at ho blei adoptert vekk, fekk dei mogelegheita til det, fortel Gunhild.

– Men plutseleg var vi på barneheimen med Marisol i armane. Det var så fullt av barn der at ho ikkje hadde si eiga seng, seier ho.

Visste ikkje kvar ho skulle begynne

Sjølv om Marisol hadde namna på dei biologiske foreldra sine visste ho svært lite om korleis ho skulle gå fram for å finne dei. Kvar skulle ho søke? Kven kunne ho kontakte? Ho hadde sett så mange program om kor vanskeleg det var å finne familiemedlemmar at ho var usikker på om ho ville klare det. Ho starta å søke, men stod ganske fast. Og så kom koronapandemien.

– Eg la det eigentleg på is i ganske mange år, sjølv om eg hadde veldig lyst å finne familien min. I 2021 tenkte eg at no må eg gjere det, for det var jo ein risiko for at eg ikkje kom til å finne dei biologiske foreldra mine i live. Det hadde vore pandemi og det var framleis fattigdom og vanskelege tider i Chile.

I tillegg ville ho gjerne ha med foreldra sine på reisa og tenkte at ho måtte gjere det mens dei også hadde god helse.

– «Søren, no gjer eg det», tenkte eg og fann fram papira som eg hadde innelåst i ein safe. Eg begynte å leite og google, men fann ingenting. Det var då mamma sa: Kva med å prøve å søke på Facebook? Eg tenkte at det ville vere altfor vanskeleg sidan mitt chilenske etternamn svarar til Hansen og Olsen her. Veldig, veldig mange heiter det der.

Men ho hadde namnet på tettstaden i tillegg.

Plutseleg såg ho ein mann med det same etternamnet som skilde seg ut.

– Hmm ... Han der var jo litt lik meg, tenkte eg. Eg sende han ein venneførespurnad på Facebook og ei melding på Messenger. Eg skreiv kven eg var og at eg var på jakt etter mine biologiske foreldre.

Men mannen såg ikkje meldinga. Den stod uopna.

– Men etter eitt år såg han den og opna den. Eg fekk svar. Eg sende han namnet på dei biologiske foreldra mine og eit bilde av adopsjonsattesten sidan det ikkje var noko sensitiv informasjon der. Det viste seg at han er søskenbarnet mitt av alle ting, smiler Marisol.

Mora til mannen var Marisol si biologiske tante. Søstera til mora.

– Han visste at tanta hadde fått nokre barn som blei adopterte vekk, men ikkje noko meir enn det.

Søskenbarnet Juan (t.h) var den første Marisol fekk kontakt med. Han tok imot dei med opne armar. Her er Marisol og foreldra på besøk med Juan, kona og dottera deira med familie. Foto: Privat

Ballen begynner å rulle

Takka vere søskenbarnet begynte ballen å rulle og plutseleg fekk Marisol venneførespurnader frå fleire på Facebook, også dei søskenbarna hennar.

Til slutt hadde ho kontakt med fem søskenbarn.

– Dei var veldig spente på alt som hadde med meg å gjere, og det var også desse eg skulle møte då eg og foreldra mine planla å reise til Chile i november.

– Visste dei noko om søskena dine eller mora di?

– Dei visste at eg hadde ei søster som budde i nabolandet Peru. Ho var den eldste i søskenflokken og den einaste som ikkje hadde blitt adoptert vekk. Ho gjekk på barneskulen då eg blei adoptert vekk og ho har klart seg bra.

Sidan kommunikasjonen gjekk på spansk via Google translate tok det tid å kommunisere og å forstå alt. Det var i ei slik melding at Marisol fekk vite at mora dessverre ikkje levde lenger.

– Før vi reiste ned fekk eg vite at mora mi gjekk bort i 2021. Det var trist, og eit lite slag i ansiktet. Eg hadde jo eit håp om å få møte henne.

På jakt etter røtene

Marisol bestemte seg for å sjå lyst på andre ting. At ho skulle få besøke søskenbarna ho hadde hatt kontakt med. At ho faktisk også hadde klart å finne to av søskena sine før avreisa.

– Eg hadde fått kontakt med søstera mi i Peru på Messenger. Og så fann eg ein mann på Facebook som likna veldig på meg. Det måtte berre vere broren min for han var så lik meg. Eg gjorde det same med han som eg hadde gjort med søskenbarnet mitt, sende ein venneførespurnad og ei Messenger-melding.

Det gjekk ei stund der også. Men ein dag var det ei dame som tok kontakt. Det viste seg å vere mora hans som lurte på kven Marisol var og kva ho ville. Ho forklarte situasjonen og sende bilde av adopsjonsattesten. Mora kunne bekrefte at dei var biologiske søsken.

– Eg fann min biologiske bror. Han er to år eldre enn meg og bur i Paris. Planen er å reise til Frankrike og møte han og familien neste år, smiler Marisol.

Marisol jobbar som helsefagarbeidar på Kulatoppen omsorgssenter og liker også å bringe fargar, og liv og røre inn til bebuarane. Her saman med kollega Morten Silden frå ein bebuarfest i 2019. Foto: Eva Westvik / Fjordenes Tidende

Likar å ta ting på sparket

Marisol og foreldra skulle vere vekke i tre veker og hadde sett av to veker til å møte slekt. Ho hadde ikkje planlagt så mykje fordi ho liker å ta ting på sparket.

– Dette har eg nok frå mine chilenske røter. I Norge liker vi å planlegge og avtale tid til for besøk, men under opphaldet var det nye besøk kvar dag. Vi fekk ikkje vite kor, kor tid eller kor lenge. Berre kor vi skulle møte neste dag klokka 10, for så å bli frakta til ein ny plass og ei ny leilegheit der fleire familiemedlemmer venta. Det var så spennande! ler Marisol.

Nye plassar og nye familiemedlemmar kvar dag. Og mykje god mat. Med søskenbarnet Irma og mannen hennar var det grilling som stod på menyen. Foto: Privat

Mamma Gunhild trur mykje av spontaniteten, haldninga om at det ikkje finst problem og kjærleiken til fargar har med røtene til Marisol å gjere.

– Ho har i alle fall ikkje arva det frå oss, ler Gunhild.

– Eg følte eigentleg det var litt sånn Tore på sporet-jakt fordi vi ikkje visste kva neste dag ville bringe med seg, smiler Marisol.

– Plutseleg står ho der

Og slik fekk Marisol kanskje den største overraskinga. På grunn av språkutfordringane hadde ho på førehand nemleg ikkje forstått at tanta hennar levde.

Plutseleg stod ho framfor henne.

– Det var veldig sterkt. Det var spesielt å få møte henne. Ho var den som visste mest om mora mi og kva som hadde skjedd med henne dei siste åra, og eg er så glad for at eg fekk treffe henne.

Marisol er veldig glad for at ho fekk møte tanta si, Francisca Licanan. Her er dei utanfor huset hennar. Foto: Privat

Opphaldet med familien i Chile var intenst.

– Det var heftig fordi det skjedde så mykje på så kort tid. Men det var veldig, veldig kjekt.

På desse to vekene fekk ho også vite av søskenbarna at det hadde vore to personar på besøk i området, enten frå Europa eller USA, for å leite etter sin biologiske familie.

– Mest sannsynleg er dette dei to søskena mine som eg enno ikkje har funne, men som eg skal fortsette å leite etter.

Søskenbarna Cecy og Rosita Licanan har Marisol hatt mykje kontakt med etter at dei sende henne ein venneførespurnad på Facebook. – Møt oss ved hestestatuen i parken, fekk eg på messenger, og vi gjekk vidare til ein restaurant i Santiago. Vi hadde det skikkeleg hyggeleg og timane fauk av garde, seier Marisol. Foto: Privat

Takka foreldra til Marisol

Å ha ein ekstra familie i Chile ser Marisol på som ein bonus. Marisol og foreldra hadde med seg eit fotoalbum på reisa som viste korleis oppveksten og livet hennar i Norge hadde vore.

– Det var så tydeleg at dei syntest det var kjekt å treffe meg. Og tanta mi var spesielt glad for å sjå meg. Ho var også veldig glad for å få treffe foreldra mine og uttrykte kor takknemleg ho var fordi dei hadde tatt seg av meg og gitt meg eit veldig godt liv i Norge.

Pappa Arvid viser fram bilde frå oppveksten til Marisol sitt søskenbarn Irma og sonen hennar. Foto: Privat

Ein av måtane dei viste si takknemlegheit på var gjennom å lage veldig mykje god mat til dei.

Slektningane snakka ikkje så mykje engelsk, og Marisol og foreldra kan berre nokre grunnleggande ord og uttrykk på spansk.

– Så vi brukte ein app på mobilen til å omsette.

– Vi fekk mykje mat og fleire av slektningane mine grilla mat til oss for å vise si takknemlegheit for at mamma og pappa hadde tatt seg av meg, seier Marisol. Foto: Privat

Ho angrar ho ikkje eitt sekund på at ho sette i gang jakta på sin biologiske familie og reiste til Chile for å møte søskenbarna sine.

– Eg kjem til å halde jamleg kontakt med dei eg allereie har møtt gjennom meldingar og etter kvart prøve meg med videosamtaler. Eg kjem til å fortsette å leite etter dei to brørne mine som er der ute i verda ein plass, lære meg litt spansk og møte broren min i Paris. Han jobbar i Disney World så det blir veldig bra, ler Marisol.

Eitt av dei første bilda av Marisol i Chile etter at foreldra henta henne på barneheimen. Dei hadde med kle, bøker og leikar. Foto: Privat
– Her er det chilenske barnepasset mitt, seier Marisol. På Facebook har ho no skrive Nirrian Licanan i parentes bak namnet sitt. På denne måten er det lettare for familiemedlemmar å finne henne dersom dei er på jakt. Foto: Kjellrun Åsebø
Marisol og foreldra saman med søskenbarna Cecy og Rosita Lincanan. – Det var så rart. Det var som vi hadde kjent kvarandre lenge, seier Marisol. Foto: Privat
Familien til Marisol er ein del av Mapuche-indianarane og søskenbarnet Juan hadde ein seremoni der han velsigna Marisol framfor eit tre i bakhagen. – Vi forstod ikkje alt som skjedde, men det var veldig høgtidleg. Det var tydeleg det betydde mykje for Juan og han fekk tårer i auga, fortel Gunhild. Foto: Privat
– Dette er nokre av tinga eg har tatt med heim frå tidlegare reiser. Det er spesielt å tenke på at eg no er velsigna inn i Mapuche-indianarstammen, seier ho. Foto: Kjellrun Åsebø
– Då eg reiste ned i november hadde eg bestemt meg for å kjøpe med meg dette flagget heim. Foto: Kjellrun Åsebø
Marisol er tilbake i Evja der ho høyrer heime. Foto: Kjellrun Åsebø
I barndomsheimen på den vesle idylliske plassen. Foto: Kjellrun Åsebø
Med snøfnugg i håret er ho likevel mykje nærare sin andre heim enn før, fødelandet sitt med ekstrafamilien sin i Chile, og søskena sine i Peru og Paris. Foto: Kjellrun Åsebø