Videoen viser ein fottur frå Hunskår til toppen av Hornelen søndag.
Tur – retur målte turen ca. 14,5 kilometer som det tok om lag seks timar å fullføre.
– Ein lang og vaksen tur opp på eit majestetisk fjell med ekstraordinær utsikt. Ei oppleving, konkluderte Arild Aasen frå Volda som planta det norske flagget på toppen søndag.
Med sine 860 høgdemeter, rett opp frå sjøen, er Hornelen i Bremanger den høgaste sjøklippa i Europa.
Hornelen er også eit landemerke i ytre Nordfjord som tidlegare vart nytta for navigasjon for skip som reiste forbi, skriv Wikipedia.