– Kjært barn har mange namn, sa konferansier Geir Arne Solheim før Blålid pakka ut skiltet.

Mange har foreslått namn på sanden som på folkemunne ofte går under namnet Playa del Polljen. Og laurdag fekk dei frammøtte under opninga av fritidsparken vite at sanden frå no av heiter Polljasanden.

Det var eigentleg fylkesordførar Jon Askeland som skulle stå for den offisielle opninga av fritidsparken, men sidan han var blitt sjuk, stilte ordførar Ola Teigen opp for høgtidleg å klippe snora.

Ordføraren formidla kor imponert han var over all innsatsen som har blitt lagt ned i fritidsparken.

– Dette anlegget er ein stor inspirasjon for Kinn kommune. Vi har verkeleg erfart korleis vi gjennom godt samspel kan få til det mest utrulege. Eg hugsar godt då eg i 2020 kom inn og fekk ta del i prosjektet her i Deknepollen. Då kom Jørgen og dei andre i gruppa og fortalde oss om dei store planane og korleis vi i fellesskap kunne få det til. Og det er akkurat dette fellesskapet mellom kommunar og frivilligheita som gjer til at vi klarer dei største og kanskje beste løfta, sa han i tala.

Han var ikkje i tvil om at sanden kom til å vere ein flott plass å vere.

– Her blir det godt å vere for både store og små, for dei som vil bade, dei som vil slikke sol og dei som berre vil vere ute i den flotte indrefileten av Kinn kommunen, smilte han.

På skiltet stod Polljasanden. Foto: Kjellrun Åsebø