Dagen startar med laber bris frå sørvest, før vinden er venta å auke på utover dagen. Rundt klokka 14.00 er vindstyrken meldt å kome opp i liten kuling saman med større nedbørsmengder og lyn.

Etter eit lite opphald på nokre timar midt på dag, er det venta at både nedbørsmengde og vindstyrke vil auke på utover kvelden, med stiv kuling og vindkast på opp til 24 meter i sekundet.

Meteorologane har også sendt ut gult farevarsel for jord- og flaumskred i ytre Nordfjord.

Natt til torsdag er det venta at vinden held fram, med vindkast opp i 25 meter i sekundet frå nordvest.

Vêret gjer også at det er venta svært store bølger langs kysten, opp til åtte meter høge. Folk blir derfor oppmoda til å tenke seg om to gonger før dei reiser ut i båt.