Fjordenes Tidende publiserer ein video frå TV Måløy-arkivet kvar dag i påska. Sjå her kva du kan vente deg dei ulike dagane:
Video →
Besøkte Måløy for å få ja til EU: – Her er ein stå-på kultur som vi treng
Statsminister Gro Harlem Brundtland var innom Måløy i to dagar då ho var på rundreise for EU-valkampen. Under besøket i Måløy var det fokus på fiskeri og industrien knytt til det. Både små og store møtte opp for å få eit glimt av statsministeren. Det vart også sagt at dette var det første statsministerbesøket i Måløy på så lenge folk kunne hugse.