Øyvind Harald Bakke er ein av to feiarar i Stad kommune. Han tar jobben på alvor slik at dei som bur i kommunen kan sove godt på natta, vel vitande om at brannsikkerheita er varetatt. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Når Øyvind kjem på besøk får du både eit smil og ei rein pipe

«Eg må vere heime den dagen. Feiaren kjem». Det er ord mange huseigarar har måtte ta i sin munn, kanskje enkelte gangar med eit snev av oppgittheit. Men den viktige rolla brannførebyggarane har, som er den eigentlege tittelen, kan ikkje undervurderast. Vi blei med ein av dei på jobb.