Kinn kommune skal gi ungar fødd i desember og seinare tilbod om barnehageplass. I første omgang oppretter kommunen 14 plassar frå desember 2022 til juli 2023.

Kommunestyret ønsker også at kommunedirektøren skal sjå på moglegheiter til å ha økt kapasitet i private barnehager, opprette ein vikarpool på same måte som dei har gjort innan helse og kalkulere om redusert bruk av vikarar, positiv effekt på sjukefråvær, tilflytting og liknande kan føre til mindre press på økonomien.

Økonomiske konsekvenser blir tatt inn i budsjettet for 2023, og tidleg neste år skal kommunedirektøren legge fram ei sak om korleis ein skal sikre fleksibelt barnehageopptak også på sikt.

Flesteparten var einige

Torgunn Eikevik (Sp) støtta forslaget, men lurte litt på korleis ein skal gjere fordelinga av plassar, om det skal vere sju plassar i Måløy og sju i Florø eller om det var etter behov.

Eit nesten einstemmig kommunestyre støtta forslaget. Gustav Johan Nydal (KrF) var ein av to stemmer som ikkje kunne støtte forslaget.

– SV ønsker å få til dette, men eg lurer litt på om det er snakk om midlertidige tilsettingar fram til sommaren eller er det snakk om ein vikarpool med faste stillingar. Kva skjer då til sommaren? spurte Heidi Rønhovde (SV).

– Eg kan ikkje sjå at det ligg nokon unntak her til å gje midlertidige stillingar, så eg reknar med det blir vanleg utlysing, svarte kommunedirektøren.

Frårådde å opprette nye plassar

I diskusjonen understreka kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen to store utfordringar, økonomi og at ein kan risikere at etterspørselen blir stor og at endå fleire enn ein veit om i dag ønsker plass.

I saksutgreiinga var han også tydeleg på at Kinn sin økonomiske situasjon gjer det vanskeleg å opprette nye barnehageplassar for barn som ikkje har rett til barnehageplass, etter § 16 i barnehagelova, på noverande tidspunkt.

– Det har ein stor økonomisk effekt som ein ikkje kan undervurdere. Vi slit med ramma, og frå 2022 til 2023 har vi fått eit trekk fordi vi har fått færre barn. Saksframlegget viser at det er rundt 50 barn at ein kan forvente ønsker plass. Når tilbodet blir kjent er det eit potensial at det kan vere mange fleire som ønsker dette tilbodet. Vi har sagt ifrå at vi må ta dette fra andre brukargrupper, sa Bang-Olsen.

– Dette får vi til om vi vil

Daniel Henriksson meinte i diskusjonen at ein vil vere meir attraktiv som kommune dersom ein er meir fleksibel i barnehageopptaket, og ein etter ein av politikarane tok i kommunestyret torsdag ordet for å understreke kor viktig at det er barnehageplassar til alle for tilflytting.

– Dette får vi til om vi vil, og av og til må vi ville litt meir enn administrasjonen, sa Jacob Nødseth (V).

– Næringslivet treng folk og vi treng unge som flyttar heim, og unge er i ein livsfase der dei får barn. Skal vi matche nabokommunane våre, må vi ha gode tilbod, sa Arlene Vågene (H), og stilte spørsmål om private barnehagar kan stå for reservekapasiteten.

– Det er lett å grave seg ned i utfordringar og det skal vi gjere, men vi må også evne å sjå kva som gjer oss attraktive. Vi er nøydde til å finne ei løysing som gir gode tilbod barnefamiliane, sa Frank Willy Djuvik (Frp) og meinte ein må finne ei langsiktig berekraftig løysing i budsjettet.

– Vi kan ikkje vere ein kommune som seier nei takk til barnefamiliar med foreldre som ønsker å komme seg tilbake i jobb, la han til.

– Eg synest saka er vanskeleg. Eg trur alle parti ønsker å få det til, og det store spørsmålet er kor mykje vi kan bruke på å få det til. Vi har nettopp fått ei utgreiing på dei økonomiske utfordringane, sa Silje Standal Ødegård (Ap).