For 20 år sidan starta Ole Theodor Hovden Nordvest Naprapatklinikk, som har fleire klinikkar på Sunnmøre.

No sluttar han i naprapatverksemda og blir leiar for familiereiarlaget Hovden Senior, med kystfiskebåten Hovden Viking, som har tilhald på Stad.

– Eg har vore styreleiar i reiarlaget ei periode, også har eg halde på med styrearbeid i kring 15 år. Så eg håpar å ha noko å bidra med, seier han til nett.no.