Det har i løpet av onsdag ettermiddag og kveld vore mange straumbrot på begge sider av Måløybrua. For at Linja skulle få retta opp alle feila på straumnettet vurderte politiet det slik at bilane frå Linja skulle få køyre over Måløybrua sjølv om brua var stengt

– Det var samfunnsmessige forhold som gjorde at bilane frå Linja blei tatt med over brua sjølv om brua er stengt, seier innsatsleiar Morten Hagen til Fjordenes Tidende.

352 kundar utan straum klokka 23.15

Linja fortel at montørane har jobba på for å få ordna linjene.

– Montørane våre har jobba godt med feilretting i løpet av dagen og kvelden, fortel Jannicke Lindvik.

Dei står no igjen med 88 kundar på Husevågøy.

– Dei vil dessverre vere utan straum til i morgon. Vi startar feilsøking med ein gang vêret tillet det, seier Lindvik.

264 kundar er også utan straum i Øygarden (Batalden, Skorpa, Hovden).

– Også desse vil dessverre vere utan straum til i morgon. Vi startar feilsøking med ein gang vêret tillet det.

Totalt er det altså 352 kundar utan straum no.

Innsatsleiar Morten Hagen fortel at både politi, ambulanse og brann har ein form for beredskap på begge sider av Måløybrua. Foto: Håvar Fagerli

Hagen seier at det er ei prioritert oppgåve å få reparert straumnettet, og då var løysinga å eskortere bilane frå Linja over brua slik at dei fekk gjort jobben der det var nødvendig.

Politiet opplever at dei har møtt forståing frå dei som har stått fast i køane ved brua.

– Eg vil skryte av folket som har vore tolmodige. Det har vore kraftige vindkast i dag. Det er veldig fint å sjå at dei som bur på fastlandet har vore bort til køen med kaffi, og servert dei som har stått i kø. Det viser at folk støttar kvarandre når dei blir ståande fast.

Gode medmenneske deler ut kaffi til dei som står i kø. Foto: Privat

– Har politiet oversikt over kor lenge dei har stått i kø dei som har stått der lengst?

– Nei, ikkje akkurat no. Det har vore ope innimellom, så trafikken har gått over brua i kortare periodar. Den lengste perioden brua har vore stengt var frå 11.30 til rundt klokka 16.00. Vinden varierer frå ned til 26 meter i sekundet for så at det kjem kast opp mot 38 meter i sekundet igjen.

– Korleis er beredskapen på begge sider av Måløybrua når brua er stengt?

– Politiet har ei form for beredskap på begge sider. Det har også ambulansen. Brannbilen kan uansett køyre over brua sidan den er så tung. I naudstilfelle kan også politiet køyre over brua så lenge vinden ikkje er alt for kraftig.