Oddvar Elias Svoren trivst godt når han får hente fram gamle ferdigheiter på mandolinen når Grytekoret samlast kvar måndag. Foto: Marianne S. Rotihaug

For over 70 år sidan kjøpte Oddvar seg mandolin. No kjem ferdigheitene til glede og nytte for heile koret

Frå lokala til ressurssenter for demensramma i Måløy strøymer det kvar måndag song, musikk og latter ut dei opne vindauga. Fremst i Grytekoret står Oddvar Elias Svoren.