For fire år sidan skilte Monica seg frå det som hadde vore identiteten hennar i alle år.

Monica var 32 år og det nærma seg jul, ei høgtid ho brukte å hate. Ho var heime og rusa då ho var på veg ned den bratte trappa i huset og datt og braut ryggen. Ho kunne blitt lam eller mista livet. Legen fann også ein blodsjukdom, som gjorde valet om å slutte å ruse seg, livsviktig. Den 18. desember 2019 blei starten på ei lang og hard skilsmisse frå rus.

– Eg har sagt mange gonger at å dette ned trappa, er det beste som har hendt meg.

I eit kvitt hus mot sjøen, nord i Gate 1 i Måløy bur Monica Vederhus (35) saman med mannen sin, Sebastian Gjerde (28). Med fiskeindustrien vaks Måløy seg til å bli ein stad med yrande liv. I dag har Måløy litt over tre tusen innbyggarar. Nok til at nesten alle kjenner alle. Så lite at nesten alle veit kven Monica er.

Før, når Monica gjekk ute, opplevde ho at folk kryssa gata for å ikkje møte henne. Dei møtte ikkje auga hennar og ho fortel at fleire såg på henne med stygge blikk.

– Før hata eg Måløy, eg følte meg verken ønskt eller velkommen.

I mange år var rus identiteten til Monica. Det var rusmisbrukar folk kjende henne som.

I tida før ulykka var alt mørkt. Ho drakk alkohol og blanda med piller. Skulda på den vanskelege barndomen, familien, mobbing, systemet og samfunnet. Det var mange grunnar til å ruse seg. Rusen tok dei to ungane hennar, pengar, relasjonar og heile livet.

– Eg var forbanna på meg sjølv, for at eg lét det gå så langt. Det var alltid ei unnskyldning. Det var aldri min feil, men den dagen eg datt ned trappa var det ikkje mogleg å skulde på andre enn meg sjølv. Det var min feil.

Monica brukte å vere i det ho kallar narkobula i Måløy. Einaste gongen ho klarte å komme seg opp, var for å ta endå ei øl frå kjøleskapet.

– Du gjer alt for rusen, men ikkje fordi det er gøy. Å bli rusavhengig, er det ingen som vel å bli.

Ein ny familie

– Eysteinn var den som redda meg. Han inviterte meg inn i Rusettervernet, som har blitt familien min, seier Monica.

Eysteinn Udberg er fylkessekretær for Rusettervernet i Sogn og Fjordane, ein frivillig organisasjon som vil få fleire ut av rusen. Etter at han sjølv slutta å ruse seg, har han vore engasjert i Rusettervernet.

– Jobben fram til eit rusfritt liv er krevjande, det er få som klarer det. Det som gjer Monica si historie unik, er at ho har valt å vere så offentleg om det. Det har blitt hennar veg ut, seier Eysteinn.

Eysteinn Udberg har vore fylkessekretær for Rusettervernet i Sogn og Fjordane sidan 2015. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

Å høyre til er eit nøkkelord for å bli rusfri.

– Alle har behov for å høyre til. Dei som slit med rus, set seg sjølve på sidelinja og føler dei ikkje er til nytte eller høyrer til nokon stad, seier Eysteinn.

Han fortel at den største utfordringa ikkje er å slutte, men å ikkje starte igjen. Å spørje seg sjølv kva ein har oppnådd som rusfri.

– Det er ei kjærleikssorg. Rusen er det einaste som har vore der og ein saknar tilstanden den gav.

Udberg opplever at det er få, som klarar å kome seg heilt ut av rusen. I løpet av dei 20 åra han har vore i ettervernet med fleire tusen medlemmer innom dørene, kjenner han til få som har slutta å gå i gruppe og framleis er rusfri.

Sør i Kinn kommune, i nabobyen Florø samlar ettervernsgruppa til Eysteinn seg. Gjengen møtast kvar tysdag for å snakke og lytte til kvarandre.

Terje Hillsersøy og Eysteinn Udberg. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

Rundt eit bord i små litt slitne sofagrupper. Peparkaker, stearinlys og kaffi står på bordet og stemninga er litt lettare etter at dei er ferdige med runden, der alle fekk seie det dei har på hjartet.

– Det er fint å komme hit å fortelje alt som er godt og vondt utan å bli dømd, seier Terje Hillersøy, medlem i ettervernsgruppa.

Eysteinn fortel at eit viktig vilkår for å bli rusfri, er å bli sett. For Monica var det ein tidlegare terapeut i det kommunale rusteamet, som var der for henne.

– Ho fekk tilbodet om å starte rusetterverngruppe i Måløy, som gav ho noko å brenne for. Det er fleire avhengige av, for å kunne klare seg, seier Eysteinn.

For Monica var det å ramle ned trappa, ein ærleg blogg og Rusettervernet, som var grunnen til at ho klarte å snu livet på dagen.

– Vi etablerer eit nettverk, som skapar tryggleik. Mange har levd eit langt liv i rus og det er viktig at dei får føle på kjensler i eit trygt miljø, seier Eysteinn.

Sterkare saman

Ein spesiell person har vore viktig for at Monica har klart å bli rusfri.

Eit halvt år før ho braut ryggen fann ho kjærleiken, og i fjor sommar gifta dei seg. Begge to har slite med rus, men dei bestemte seg begge for å slutte i lag.

Monica Vederhus og Sebastian Gjerde er støtte for kvarandre i eit rusfritt liv. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

– Sebastian har vore min aller beste venn gjennom alt. Det hadde vore mykje meir einsamt om eg skulle gjort det åleine. Vi er litt motsette av kvarandre, eg treng ein som kan roe meg ned, seier ho.

Ho blir stille nokre sekund før ho smiler igjen.

– Stakkars mann, seier ho medan ho ler.

– Monica betyr alt for meg, og no er livet betre utan rus. Ei bør, som plaga meg i mange år, er vekke. Den øydela meg sjølv, økonomien og familien min, seier Sebastian.

Kvar onsdag drar dei på møte med Rusettervernet i Måløy. Ei gruppe Monica starta etter ho vart rusfri.

Monica gjer klart før møtet med ettervernsgruppa i Måløy. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

– Eg har aldri hatt ein normal familie, men no har ettervernet blitt min familie. Første gong eg lo skikkeleg etter rusen, var saman med dei, seier Monica.

Tidlegare følte Monica at ho aldri kunne vere seg sjølv. Det var aldri godt nok, men etter kvart har den kjensla endra seg.

Etter møta er alt litt lettare. Monica og Benjamin er godt i gang med pynting til jul. I stova er glaset fylt av nissar, og saman pyntar dei juletreet.

På vegen til å etablere eit nytt liv har Monica og Sebastian hatt eit delmål kvart år. I 2023 har målet vore skule og jobb. Monica arbeider som erfaringskonsulent på Nordfjord psykiatrisenter og Sebastian er lærling på Nordvestvinduet. Han tek opp fag og ho tek utdanning gjennom jobben.

No som jula nærmar seg, er dei snart ferdige med eksamen og klare for julefeiring heime i Gate 1.

I år gler paret seg til å feire jul saman. Dei er tidleg i gong med pyntinga og pakkane ligg allereie under treet, der det heng fire julekuler med årstal på, eit for kvart år Monica har vore edru. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

– Eg har alltid hata jul. Det har vore ei høgtid med rus og krangling, men no lagar vi nye og eigne tradisjonar saman, smiler ho.

I år vil ho bruke desember til å hjelpe andre. Ho er frivillig for Pass it on Vågsøy, som hjelper folk som slit med å få endane til å møtast.

– Å arbeide frivillig, slik at fleire får ei fin jul, er utruleg viktig, det gir meg motivasjon, seier Monica.

Å leve eit liv i rus har gjort mykje med livet hennar. Ho mista tidleg ungane til barnevernet, og det var med på å gjere grunnen til å ruse seg endå større.

Allereie som 16-åring vart Monica mamma fyrste gong. Ho fekk ei jente og seinare ein gut, som til slutt blei plasserte i fosterheimar. Monica har alltid halde kontakt med dei, men har måtta akseptere at ho ikkje får dei tilbake som sine eigne.

– Forholdet mellom oss kan aldri bli slik som eit mor til born forhold skal vere. Men dottera mi kallar meg framleis for mamma, seier Monica.

Ho har alltid vore ærleg med dei og sagt det som det er, og no prøvar ho å vere eit godt forbilde.

Open, ærleg og rusfri

Då Monica låg heime med knekt rygg visste ho ikkje kvar ho skulle gjere av seg. Ho måtte få ut kjenslene og starta derfor ein blogg om å vere open, ærleg og rusfri. Alt skulle delast.

Monica hamna på bloggtoppen i Noreg og har gjennom dei siste fire åra fått ein stor heiagjeng. Lesarane kjem frå heile landet og har følgd henne gjennom opp- og nedturar, gjennom smerter, redsler og store sigrar. Men ettersom Monica har tatt kvardagen tilbake, seier ho at behovet for å dele har blitt mindre.

På bloggen 4. desember 2023 skriv Monica:

– Eit nytt kapittel i livet startar der eg berre er Monica som hjelper andre, ikkje Monica som er rusavhengig og eksponerer heile livet på bloggen.

– Eg er veldig glad i lesarane mine, dei betyr mykje for meg, seier Monica.

Ein dag av gongen

13. desember fylte Monica 36 år og 18. desember var det fire år sidan Monica datt ned trappa og braut ryggen. Fire heile år utan å ruse seg.

– Den datoen betyr meir for meg enn bursdagen min. Eg har ikkje vore i nærleiken av å ruse meg sidan den dagen.

På armen har ho tatovert «18.12.19 Ein dag av gangen» i svart blekk.

– Eg veit ikkje kva eg skal gjere med den om eg får tilbakefall, ler Monica medan ho studerer tatoveringa.

Permanent i huda, ei påminninga om dagen livet endra seg. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

Ho kjenner på tatoveringa og stryk fingrane over skrifta.

– Eg får vel sette strek over datoen og tatovere ein ny om det skulle skje.

Tatoveringa tok ho to år etter ho vart rusfri. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

Ho har framleis glimt i auga medan ho tullar om tatoveringa. Men det er noko alvorleg i det også. Minna om dagen då livet måtte endrast, om kor vondt og hardt det har vore å komme seg på beina.

Om alt rasar

Frykta for tilbakefall er der enno. Kva om noko skjer mannen hennar? Kva om ho skulle misse ungane igjen?

– Eg veit ikkje om eg hadde vore sterk nok til å takle noko slikt. Ein veit jo aldri om alt kjem til å rase ein dag.

Konflikt er noko av det som triggar henne. Då hjelper det å seie høgt til seg sjølv og dei rundt seg, at der og då vil ho ruse seg. Og å kjenne på kjenslene det vekkjer, og så ta kontroll over situasjonen, har blitt hennar metode.

– I starten var eg livredd for å innrømme at eg ville ruse meg igjen. Men det er heilt normalt og ingenting å skamme seg over. Før trudde eg at det gjorde meg svak.

Men no er Monica friskmeld.

Den 30. november 2023 skriv ho på bloggen:

– Hjelp! Systemet friskmelder meg! I dag kom setninga eg visste ville komme, men som skremmer meg. Psykisk helse og rus har sloppe meg ut i dag, saka mi er avslutta og dei er ikkje lenger bekymra. Det er skummelt at dei meiner eg klarar meg sjølv.

Kommentarfeltet vart fylt opp med hjarter og heiarop.

Store endringar

Sidan 2019 har mykje skjedd. Ho har tatt lappen, begynt å jobbe, blitt gjeldfri, gifta seg og starta på ei utdanning gjennom stillinga som erfaringskonsulent. Ho seier at alt det vonde ho opplevde som rusavhengig, må vere verdt det. Det må vere godt for noko.

– Det har vore fire merkelege år, seier Monica medan ho ser ut i lufta.

Etter Monica vart edru føler ho seg for fyrste gong sett. Folk helser på henne på gata, dei seier hei og smiler til henne på butikken. Slik var det altså ikkje før.

– Det er knallhardt å slite i Måløy. Mange er dømmande og dei trur på rykta om deg. Men eg kan ikkje styre kva folk tenkjer om meg, slik er det berre. Det viktigaste er at dei som kjenner meg synest eg er god nok. Alt er endra, seier ho med eit lite, men stolt smil.

Å skilje seg var rett.