Håpar spørjeundersøking og regjeringsskifte skal realisere reverseringsdraumen
Organisasjonen Ja til reversering av Kinn har nådd målet om å samle inn 37.500 kroner. Dette betyr at dei etter påske skal gjennomføre ei innbyggjarundersøking om reversering av Norges raraste kommune.
Styret i Ja til reversering av Kinn vil i midten av april få gjennomført ei meiningsmåling om reversering av Kinn kommune. Her styreleiar Fredrik Egeberg (f.v.), styremedlem Kent Hammersvik, nestleiar Geir Ove Refvik og styremedlem Tom Andre Hopland. I styret sit også Øystein Sortland.
Foto: Privat