Vi blei med då Sigurd Reksnes fekk «utdelt» kontoret sitt på kommunehuset i Selje. Han ønsker å legge enkelte av arbeidsdagane sine der ute for å bli betre kjent med heile kommunen. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Måndag var han på plass på kontoret i Selje – Sigurd vil vere ein ordførar for heile kommunen

Ordførar i Stad, Sigurd Reksnes (Sp), sa under valkampen at han ønskte han å vere ein ordførar for heile Stad kommune om han blei valt. Dette har han no gjort alvor av. Måndag hadde han sin første «kontordag» på kommunehuset i Selje.