Torsdag vedtok hovudutval for opplæring og kompetanse å justere ned ei halv gruppe vg1 Restaurant og matfag ved Fitjar vgs for neste skuleår.

Forklaringa på kvifor hovudutvalet kunne gjere det var at dei såg til Måløy vgs og den såkalla «Måløymodellen».

– Vi set i gang ei kombinasjonsgruppe med vg1 Restaurant og matfag og vg2 kokk og servitør innanfor dei økonomiske rammene av éin klasseressurs for å sikre stabilitet og rekruttering. Det er det vi kallar Måløy-modellen, sa Karianne Torvanger (Ap) i utvalsmøtet.

Ønsker å følge rekrutteringssporet

Alexander Foss Andersen (Sp) forklarte seg sjølv som matentusiast og kom med eit lite hjartesukk i møtet. Han viste tilbake til den første saka i nye Vestland fylkeskommune i 2019 då ein relativt einstemmig vedtok at prosjektet som var gjort i Hordaland for å auke rekruttering til restaurant- og matfag skulle utvidast til heile Vestland.

– Så Vestland har hatt eit engasjement for dette faget, sa han, og viste til at skular som tilbyr restaurant- og matfag tidlegare har vore i dialog med fylket om korleis ein kan få til rekruttering til det minste utdanningsprogrammet.

– Eg ønsker at vi følger det sporet vidare. Det er ei viktig sak for Vestland. Og så vil eg berre skryte av Sogndal og Voss vidaregåande som har vore flinke til å jobbe lokalt for å auke rekrutteringa. Dei har kjempegod søking no fordi dei har jobba godt med sitt lokale arbeidsmiljø og bransje. Så det er mogleg i Vestland, men eg trur vi må få litt heilheitleg arbeid med det, sa Fosse Andersen.

Tredje året med kombinasjonsklasse

Ved Måløy vgs, som starta Måløy-modellen, vil det neste skuleår blir det tredje året ein har kombinasjonsklasse.

– Det ser ut til å bli om lag seks elevar på vg1 og seks-sju på vg2. Hadde vi ikkje vore kreative og tenkt ut denne måten å gjere det på, hadde vi ikkje kunne ha sett i gong klassa, seier lærar Bente Iren Vonheim.

– Korleis fungerer det med ei slik klasse?

– Vi merker jo at andre året ein gjer det er mykje lettare enn det første. Ein gjer seg gode erfaringar og bruker desse. Men det gjeld å tenke kreativt, lage annleis opplegg og få til gode løyingar, både praktisk, men også for elevane si læring, seier ho.

Vonheim håper sjølvsagt at søkartalet tar seg opp igjen slik at ein ikkje treng å ha kombinasjonsklasser, og ho brenn for rekrutteringsarbeid og har drive med det i mange år.

– I seks-sju år har vi hatt arbeidslivsfag ved Eid ungdomsskule på besøk her på Måløy vgs der dei både er i praktisk arbeid og får informasjon. På Eid ungdomsskole besøker vi også mat- og helseklassene med fokus på fisk og sjømat. Det er over tre dagar og seks grupper.

Arbeidslivsfag ved Vågsøy ungdomsskole har også hatt liknande dagar på Måløy vgs.

– I tillegg har vi starta eit nytt samarbeid med Vågsøy ungdomsskole der alle 9.-klassingane i mat og helse kjem på besøk til oss for å oppleve faget, få praksis og informasjon, forklarer Vonheim.

Viser elevane mandfald og moglegheiter

Vonheim fortel at ungdom ofte ikkje heilt veit kva moglegheiter dei har i dette faget og at fleire forbinder det med upraktiske arbeidstider og dårleg løn.

– Det handlar om val ein gjer, og det er mange plassar ein kan jobbe med gode arbeidstider og god løn. Det er derfor viktig å vise dei moglegheitene og mangfaldet.

Det har framleis ikkje gått lang nok tid til at ein har fått sjå effekten av den nye satsinga Måløy vgs. har saman med Vågsøy ungdomsskole.

– Men vi håper sjølvsagt på at opplevinga og korrekt informasjon om faget og yrket kan gjere det interessant å prøve ut.

Vonheim strekar også under kor viktig faget er for distikta.

– Dette er eit fag og yrke som ikkje kan sentraliserast. Du må få fagkunnskapen ute i distrikta. Eg har ikkje tru på at ungdomsskuleelevar frå til dømes Stadlandet eller Holvik ber spesifikt om å få reise og overnatte i Førde for å vere på hospitering der eller omvendt. Elevar i vår region kjem derfor heller til å ta andrevalet sitt. Det betyr at det vil bli færre som tar faget og færre som då kan flytte heim med denne utdanninga og fagkunnskapen. Det bekymrar meg.