Asbjørn Hamre er primus motor for utelivet på Flatraket skule. I førre veke var han ute og målte isen på Røykvatnet i Almenning fleire gongar.

Då han var sikker på at det var trygt, planla skulen ein kjekk dag for elevane.

– Vi hadde med både lavvo med vedomn og bålpanne. Dette er det også Asbjørn som fiksar, smiler Vigdis Gjengedal ved Flatraket skule.

Lavvo og bålpanne var på plass. Foto: Flatraket skule

Elevar og tilsette kosa seg ute i det fine vintervêret, og grilla pølser, åt niste og kjeks og drakk kakao.

Same dag var også Kinn brann og redning ute for å sjekke kor tjukk isen var i dei ulike vatna i området.

– Isen på vatnet blei målt til 22 cm, seier Gjengedal.

Kinn brann og redning kom for å måle isen. Foto: Flatraket skule

Skuleisdagen var for alle klassetrinna.

– Fleire av elevane hadde aldri gått på skøyter før, så dette var spennande for mange. Ein del elevar fekk også prøve ishakker og å drage seg fram på isen. Så dagen blei både sosial, koseleg, spennande og ikkje minst lærerik, avsluttar ho.

Isen er full av elevar. Foto: Flatraket skule

Røykvatnet tilhøyrer Falkevik gard, der Roy Husevåg og kona Franzi Menzel er ein av grunneigarane.

– Røykvatnet er eit skøyteparadis og vi synest berre det er stas at området blir brukt, seier Husevåg.

Franzi og Roy og familien meiner Røykvatnet er eit skøyteparadis. Dei var på vatnet laurdag. Foto: privat

Dei spurde om brannvesenet kunne komme og måle isen.

– Det er eit topp brannvesen vi har som kjem og målar nærmast på dagen, seier han.

Området ved Røykvatnet er ein flott plass for familien. – Det er stas at folk bruker området, seier Husevåg. Foto: privat
Det var ein nydeleg dag. Foto: Flatraket skule
Ein del elevar fekk prøve å gå på skøyter for første gong. Foto: Flatraket skule
Røykvatnet var eit isparadis fredag. Foto: Flatraket skule
Elevar frå 1. til 7. klasse var med. Foto: Flatraket skule
Elevane følger med då brannvesenet sjekkar om isen er trygg. Foto: Flatraket skule
Det blei både ein sosial og lærerik dag for elevane. Foto: Flatraket skule
Heile Røykvatnet er islagt, og isen er 22 centimeter tjukk. Foto: privat
Røykvatnet tilhøyrer Falkevik gard med tre grunneigarar. – Vi måtte måke vatnet laurdag, smiler Husevåg. Foto: privat