Stadlandet Rett Vest beveger seg gjennom ei løype på 13,2 kilometer i fjellterreng.

– Løypa går i naturskjønne omgjevnadar frå Dragseidet, via fjelltoppane Vardeberget, Grøyterøysa, Mosekleivhornet og til Stad bygdehus i Ervik, seier Heidi Årsheim.

Ho fortel at fjorårets løp var ein stor suksess i nydeleg vêr.

– Om lag 300 deltakarar deltok, nokre i konkurranseklasser, medan andre valde å stille som mosjonistar. For dei som ynskjer eit enklare alternativ, tilbyr vi familierebusløypa som går rundt Ervikvatnet i Ervik med start og målgong ved Stad bygdehus, ei løype på 6,4 km i flatt terreng, seier ho.

Det blir også underhaldning ved Unge lovande, sal av sportsklede ved Selje Sport og fritid samt matservering i målområdet.

– Vi håpar mange set av laurdag 26. mai og tek turen til Stadlandet for ei unik naturoppleving. Velkommen.