Denne helga kjem meir enn tusen spelarar til bygda

Påmeldinga til årets Seljecup har vore god, seier Atle Solheim i fotballgruppa til Selje IL. 1.100 spelarar frå 130 lag fordelt på over 30 klubbar kjem.

15. til 17. juni er det klart for Seljecup igjen. Bildet er frå miniputturneringa under fjorårets cup og viser Selje jenter 6 år og Stårheim jenter 7 år. Foto: Stig Høynes 

Sport

Selje Idrettslag inviterer 15.–17. juni til Seljecup for 24. gong, og Solheim fortel at den tradisjonsrike og populære cupen kvart år får mange lovord.

– Det er vi glade for og stolte av. Men forventningane og tidlegare suksess, utfordrar oss samtidig til å prøve å gjenskape cupopplevingane år etter år.

Solheim meiner nøkkelen til cupsuksess er alle frivillige og den store dugnadsinnsatsen som blir lagt ned.

Dei ser også at mange kjem tilbake til cupen deira.

– Det er svært gledeleg, men kjekt er det også i år å kunne ynskje nokre nye klubbar velkomne til årets fotballfest.

Seljecup legg som vanleg opp til eit rikhaldig program også utanom kampane, med mellom anna arrangement og aktivitetar som hoppeslott, trikseshow og sal av trikseballar, 3ar minibane, grillselskap, cupdiskotek og lagleiartreff.

– Det er også venta flittig bruk av den flotte klatreparken ved stadion, og vi håpar sjølvsagt på godt vêr så Seljesanden kan nyttast, smiler Solheim.